Île-de-France | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Île-de-France på Grønland 77°43′00″N 17°45′00″W / 77.716666666667°N 17.75°W |
Île-de-France er ei folketom øy i Grønlandshavet ved Grønland. Øya har ei flatevidd på 246,1 km ² og ei kystline på 71,9 kilometer.[1] Ho ligg ved sørdelen av Jøkelbugten og søraust for Danske Øer.[2]
Skærfjorden ligg sørvest for sørenden av Île-de-France. Dette er ein brei fjord med fleire armar som går vestover.[3]
Det er gjort ei rekkje arkeologiske funn på øya etter førhistoriske kulturar, truleg den såkalla Independence II-kulturen. Den største samlinga bustader frå denne kulturen er funnen på Kap Skt. Jacques på øya, med restar etter 400-500 bustader. Det er mogleg at ulike grupper samla seg her med jamne mellomrom.[4]
Øya blei gjeven namn i 1905 av hertugen av Orléans under Hertugen av Orléans sin Arktis-ekspedisjon då han utforska nordaustkysten av Grønland ombord i «Belgica».[5][6]