...Famous Last Words... Studioalbum av Supertramp | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. oktober 1982 | |
Innspelt | November 1981 til midten av 1982 | |
Studio | Unicorn i Nevada City i California The Backyard i Encino i Los Angeles Rumbo Recorders i Canoga Park i Los Angeles Bill Schnee's Studios i North Hollywood i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 47:35 | |
Selskap | A&M | |
Produsent | Peter Henderson, Russel Pope, Supertramp | |
Supertramp-kronologi | ||
---|---|---|
Paris (1980) |
...Famous Last Words... | Brother Where You Bound (1985)
|
...Famous Last Words... er det sjuande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, utgjeve i oktober 1982. Det var oppfølgjaren til Breakfast in America frå 1979 og det siste albumet deira med vokalisten, klaverspelaren og gitaristen Roger Hodgson, som slutta i gruppa for å satse på ein solokarriere. Det vart dermed det siste albumet deira med den klassiske besetninga av bandet (Hodgson, Davies, Helliwell, Thomson og Siebenberg).
Albumet nådde femteplassen på Billboard Pop Albums-lista i USA i 1982[2] og selte til gullplate for over 500 000 selte eksemplar der.[3] Albumet nådde òg sjetteplassen i Storbritannia, der det òg selte til gullplate.[4] I Noreg nådde albumet andreplassen på VG-lista.[5]
Sjølv om Rick Davies og Roger Hodgson i lang tid hadde skrive songar kvar for seg, hadde dei alltid kome fram til eit tema og ei felles retning for kvart album i lag. ...Famous Last Words... vart unntaket til denne regelen. Dei hadde budd i forskjellige delar av California i månadane før innspelinga og kome fram til kvar sin visjon for albumet. Hodgson ønskte å lage nok eit popalbum ala Breakfast in America, medan Davies hadde lyst å lage eit tungt, progressiv rock-album med ein ti minuttar lang song kalla «Brother Where You Bound» som midtpunkt.[6]
I følgje Bob Siebenberg: «Til slutt endra dei begge på eit vis formatet deira og korleis dei hadde sett for seg at albumet skulle bli. Det vart ein utvatna versjon av det det byrja som. Til slutt vart det verken eller.»[6] Bandet valde å utelate «Brother Where You Bound», sidan han var for «tung» ved sidan av popsongane til Hodgson.[6] Supertramp brukte «Brother Where You Bound» på det neste albumet deira, Brother Where You Bound (1985), men det hadde på det tidspunktet utvikla seg frå 10 til 16 minuttar.
Som vanleg var alle songane offisielt kreditert til Davies/Hodgson. Men i plateomslaget vart det ein fargekode som synte kven som hadde skrive kva. Solovokalisten på kvar song er den same som låtskrivaren: «Crazy», «It's Raining Again», «Know Who You Are», «C'est le bon» og «Don't Leave Me Now» var skrivne av Hodgson, og «Put on Your Old Brown Shoes», «Bonnie», «My Kind of Lady» og «Waiting So Long» var skrivne av Davies.
Albumet vart hovudsakleg spelt inn og miksa i heimen til Hodgson, Unicorn Studios i Nevada City i California, sidan han ikkje ønskte å forlate kona si og den då to år gamle dottera Heidi og den nyfødde sonen Andrew. Davies endte opp med å spele inn vokalen og klaverpartia sine i sitt heimestudio, The Backyard Studios, i Encino i California. Andre opptak vart gjort i Bill Schnee Recording Studios i Los Angeles.
Då albumet kom ut tolka mange tittelen og plateomslaget som eit dårleg skjult hint om at Supertramp var i ferd med å leggje inn årane.[6] I eit intervju i 2015 sa Hodgson at han og Davies valde tittelen fordi dei ikkje kom til å spele i lag igjen.[7] Han sa at han angra på at dei spelte inn albumet og kalla det «eit siste forsøk på å prøve å få ting til å skje» etter at gnisten hadde forsvunne frå bandet.[8] John Helliwell sa i 1986: «Me ønskte noko som var knytt til det me heldt på me, men som var gåtefullt på same tid. Me likte alltid å ha gåtefulle titlar som Crime of the Century ... Denne siste plata tenkte me kom til å gå kjapt. Me tenkte me skulle øve det inn og spele det inn kjapt, men det enda opp med å ta lenger tid enn noko tidlegare album me hadde spelt inn. Dei siste tre-fire platene vår hadde me sagt 'Me må vere godt førebudd'. Så tittelen kom òg av det. Eg kan ikkje hugse kven som kom på det først. Det grafiske designet kom direkte frå tittelen.»[6]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Smash Hits | 8/10[10] |
Creem | Unfavourable[11] |
Ei melding i Creem slakte albumet då det kom ut på grunn av det uavgjorte preget, og konkluderte med at «dette greiene er mildt sagt så inkjeseiande at Muzak-folka skal få litt av kvart å stri med».[11] AllMusic meinte at albumet var skreddarsydd for kommersiell suksess og hevda at gruppa generelt, og at særskild Roger Hodgson var for fiksert på å skape fleire hittar, og at resultatet var «romantisk tilbøyeleg poesi og klissete kjærleikssongar som erstatta den tekstmessige iveren som Supertramp hadde skapt tidlegare, og at den instrumentale dugleiken dei ein gong meistra hadde forsvunne.»[9]
Alle songane er tilskrivne Rick Davies og Roger Hodgson. Under står det oppført dei eigentlege låtskrivarane, som òg er solosongaren på songane.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Crazy» | Roger Hodgson | 4:44 |
2. | «Put On Your Old Brown Shoes» | Rick Davies | 4:22 |
3. | «It's Raining Again» | Hodgson | 4:24 |
4. | «Bonnie» | Davies | 5:37 |
5. | «Know Who You Are» | Hodgson | 5:00 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «My Kind of Lady» | Davies | 5:15 |
7. | «C'est le bon» | Hodgson | 5:32 |
8. | «Waiting So Long» | Davies | 6:35 |
9. | «Don't Leave Me Now» | Hodgson | 6:24 |
Andre medverkande
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1982 | «Crazy» | Mainstream Rock | 10 |
«Don't Leave Me Now» | Mainstream Rock | 32 | |
«It's Raining Again» | Adult Contemporary | 5 | |
Mainstream Rock | 7 | ||
Pop Singles | 11 | ||
«Waiting So Long» | Mainstream Rock | 30 | |
1983 | «My Kind of Lady» | Adult Contemporary | 16 |
Pop Singles | 31 |
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Canada (Music Canada)[28] | Platina | 100 000^ |
Frankrike (SNEP)[29] | Platina | 503,500[30] s |
Tyskland (BVMI)[31] | Platina | 500 000^ |
Nederland (NVPI)[32] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[33] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[34] | Gull | 500 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |