25 or 6 to 4 Singel av Chicago frå albumet Chicago | ||
B-side |
«Where Do We Go From Here» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1970 | |
Innspelt | August 1969 | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock, jazzfusion | |
Lengd | 4:50 (album) 2:53 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Robert Lamm | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
«Make Me Smile» / «Colour My World» (1970) |
25 or 6 to 4 | «Does Anybody Really Know What Time It Is?» (1970) |
-kronologi | ||
«Along Comes a Woman» (1985) |
25 or 6 to 4 | «Will You Still Love Me?» (1986)
|
«25 or 6 to 4», òg skrive «Twenty-Five Or Six To Four», er ein song skriven av den amerikanske musikaren Robert Lamm for Chicago. Han vart spelt inn for det andre albumet deira, Chicago i 1970, med Peter Cetera på solovokal. Songen vart redigert og gjeven ut som singel i juni det året og han nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista[1] og sjuandeplassen på UK Singles Chart. Songen har ein elektrisk gitarsolo med wah-wah-pedal av gitaristen Terry Kath, og har vore med på mange samlealbum av Chicago.
Ein oppdatert versjon av «25 or 6 to 4» vart spelt inn i 1986 for albumet Chicago 18 med James Pankow oppført som medlåtskrivar. Denne hadde det nye medlemmet Jason Scheff på solovokal. Versjonen vart òg gjeven ut på singel og nådde då 48. plassen i USA. Denne versjonen vart òg nytta som B-side for den neste singelen til bandet, «Will You Still Love Me?» i 1986.
Songen følgjer med videospelet Rock Band 3 og var òg mogeleg å laste ned i Rocksmith 2014.
Liste (1970) | Plassering |
---|---|
Canada RPM [2] | 2 |
UK | 7 |
US Billboard Hot 100 | 4 |
Liste (1970) | Plassering |
---|---|
Canada | 29 |
UK [3] | 72 |
US Billboard Hot 100 [4] | 61 |
Songen er blitt spelt av fleire andre artistar, som Straitjacket, Local H, Robert Forster, Intruder, Bruce Foxton, The Moog Cookbook, Earth, Wind, and Fire, Paul Gilbert, Pacifika, Umphrey's McGee og Nick Ingman.