2S12 «Sani» (GRAU-indeks) er ein 120 mm bombekastar nytta i Russland og tidlegare sovjetstatar.[1] Den vart teken i bruk i 1981 og har vorte ein slags standard etter kvart, særleg i manøverbataljonar.
Lastebilen, som regel ein GAZ-66, er rekna som ein del av bombekastarkomplekset og transporterer ammunisjon til bombekastaren med ei standard mengd på 24 kasser med 2 bombekastargranatar i kvar kasse - totalt 48 granatar. Standard bemanning er 5.[2]