AKA Arena

AKA Arena

Adresse Ringeriksgata 13, 3510 Hønefoss
Eigar Hønefoss stadion A/S,
Brukarar Hønefoss Ballklubb
Underlag Kunstgras
Banestorleik 105x 68 meter
Kapasitet 4500
Historiske årstal
Påbegynt
Opna
2009
Stengd

AKA Arena er heimebanen til Hønefoss Ballklubb. Banen ligg i Hønefoss idrettspark, som ligg på Schjong. Han vart bygd i 2009 og hadde då ein kapasitet på kring 3500 plasser.

Før debuten i Tippeligaen 2010 fekk dei sett opp ein ekstra tribune som auka kapasiteten til ca. 4500 plasser.[1]
Hovudbanen er lagd med kunstgras med undervarme og kan nyttast til heilårsfotball. Han har flaumlys som tilfredsstiller samtlege av FIFA sine krav til internasjonale kampar med TV-overføring.

Tribuneanlegget blir eigt av Hønefoss stadion A/S, der Hønefoss Ballklubb eig ni prosent.

Den 25. mai 2010 vart det sett ny publikumsrekord med 4256 tilskodarar, i kampen mot Brann. Kampen enda 2-0 til Hønefoss.

  1. «Her blir det ekstratribune». Ringerikes Blad.