A Hard Rain's a-Gonna Fall Song av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan | ||
Utgjeve | 27. mai 1963 | |
Innspelt | 6. desember 1962 | |
Sjanger | Vise | |
Lengd | 6:55 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
---|---|---|
Produsent | John Hammond |
Oh, where have you been, my blue-eyed son?
Bob Dylan
|
«A Hard Rain's A-Gonna Fall» er ein song skriven av Bob Dylan sommaren 1962. Han vart først spelt inn i Columbia Records sitt Studio A den 6. desember 1962 for det andre albumet hans, The Freewheelin' Bob Dylan (1963). Tekststrukturen er basert på spørsmål- og svar-formatet frå den tradisjonelle balladen «Lord Randall».
Dylan spelte songen for første gongen i Carnegie Hall, den 22. september 1962.[1][2]
På omslaget til Freewheelin' står det skrive at songen er eit svar til Cuba-krisa som starta 22. oktober 1962, men Dylan hadde skrive songen over ein månad før krisa braut ut. Enkelte har hevda at refrenget refererer til radioaktivt nedfall, men Dylan har avkrefta dette.[3]