A Hat in Time | |||
Utviklar(ar) | Gears for Breakfast | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Humble Bundle | ||
Distributør | Steam, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, PlayStation Store | ||
Komponist(ar) | Pascal Michael Stiefel | ||
Spelmotor | Unreal Engine 3 | ||
Plattform(er) | macOS, Microsoft Windows, PlayStation 4, Nintendo Switch, Xbox One | ||
Utgjeving | 2014 | ||
Sjanger | plattformspel, action-eventyrspel, collect-a-thon | ||
Spelemodus | einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 7 | ||
Nettstad | http://hatintime.com/, https://www.gearsforbreakfast.com/games/a-hat-in-time/ |
A Hat in Time er eit plattform- og action-eventyrspel i 3D, utvikla av Gears for Breakfast og gjeve ut 5. oktober 2017 på Windows og macOS og to månader seinare på PlayStation 4 og Xbox One av Humble Bundle.[1][2][3][4] I oktober 2019 kom det ut på Nintendo Switch. Spelet er påverka av plattformspel som Super Mario 64, Banjo-Kazooie, Spyro the Dragon og Psychonauts, og vart bygt i Unreal Engine 3.[5] Det vart stødd gjennom ein Kickstarter-kampanje, og greidde å nå det dobbelte av dei opphavlege innsamlingsmåla etter dei fyrste to dagane.[6] Idéen til spelet vart fyrst tenkt ut av Jonas Kaerlev, grunna ein, på den tida, mangel på nye 3D-plattformspel, spesielt den typen spel som Nintendo pla å gjeva ut på 90-talet.
I byrjinga av A Hat in Time møter spelaren Hat Kid (Hattungen), ei lita jente som er på veg heim frå ei reise med romskipet sitt. Ho kjem nær ein planet, som får mafiaen i planeten til å krevja skatt frå henne. Det neittar ho å betale, og med det røskar Mafia-mannen opp døra på romskipet. Hat Kid vert dregen ut av romskipet, saman med Mafia-mannen og mange av Time Piece-ane (magiske timeglas som er drivstoffet til skipet). Hat Kid landar i Mafia Town og møter Mustache Girl (Bartjenta). Mustache Girl skaper trøbbel i Mafia-byen, for di ho er imot «slemmingar». For at Mustache Girl skulle hjelpe Hat Kid med å leita etter timeglas, vil Mustache Girl at Hat Kid hjelper ho med å få bort Mafiaen frå øya, og slå sjefen. Når Mustache Girl finn ut at timeglasa kan draga tida attende, får ho idéen om å verta ein tidsreisande helt saman med Hat Kid. Dette vil ikkje Hat Kid, av di det kan føre store skadar på tidslaupet. Mustache Girl vert sint på Hat Kid, og går imot ho, for so å taka timeglas for seg sjølv. No må Hat Kid finne alle timeglasa før Mustache Girl gjer det, og koma seg heim.
Utviklinga av spelet byrja i august 2012, med ei opphavleg planlagd utgjeving i andre kvartal i 2013, men vart sett på vent. I byrjinga var det berre Jonas Kærlev som utvikla spelet, men etter kvart voks gruppa, og kalla seg til slutt Gears for Breakfast, alt gjort heilt friviljug.
At Kickstarter-kampanjen for A Hat in Time ville enda opp å få eit so godt utfall som det gjorde, venta ikkje Kærlev eller Gears for Breakfast i det heile. Sjølv hadde Kærlev lite tru på at det kom til å verta særleg ettertrakta, mellom anna på grunn av påverknaden Donkey Kong 64 hadde på plattformsjangeren, som han oppfatta overvelda spelaren med altfor stor vekt på innsamling av ulike emne.