Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Qudsliwa. Han hadde eit folketal på 53 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen, som han kalla A'youein, i 1870, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar. Han noterte at landsbyen hadde rike vasskjelder, vakre valnøtt-tre, og hagar med fiken, oliven og granateple.[4]
I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Abwein som ein landsby i ei åsside med ein brunn i sør, og oliventre nedanfor seg i nord.[5]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Abwain eit folketal på 543, alle muslimar.[6] Under folketeljinga i 1931 hadde Ibwein 171 busette hus og eit folketal på 695, framleis alle muslimar.[7]
I 1945 var folketalet 880, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 863 for plantasjar og irrigert land, 8 296 for korn,[9] medan 36 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN3-920405-41-2.