Air Cut Studioalbum av Curved Air | ||
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | Januar til februar 1973 | |
Studio | Advision Studios i London[1] | |
Sjanger | Rock, progressiv rock, folkrock | |
Lengd | 39:59 | |
Selskap | Warner Bros.[1] | |
Produsent | Martin Rushent[1] | |
Curved Air-kronologi | ||
---|---|---|
Phantasmagoria (1972) |
Air Cut | Curved Air – Live (1975)
|
Air Cut er det fjerde studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Curved Air, innspelt og utgjeve i 1973[2] etter at tre av dei opphavlege medlemmane i bandet slutta. Berre Sonja Kristina og Mike Wedgwood var att frå det førre albumet deira[3] og Air Cut tok dei slik sett i ein meir rockeprega retning.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [3] |
AllMusic gav ein varm omtale av sporet «Metamorphosis», men var elles lunken til resten av albumet, og skreiv at dei fleste songane var streite rockesongar og «synte ei gruppe som prøvde å nå ut til eit vidare publikum utan å overbevise om at dette var det rette å gjere.» Dei konkluderte med at det mest interessante med Air Cut var at det var debuten til Eddie Jobson.[3]
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «The Purple Speed Queen» | Kirby, Kristina | Kirby | 3:20 |
2. | «Elfin Boy» | Kristina | Jobson | 4:20 |
3. | «Metamorphosis» | Kristina | Jobson | 10:30 |
4. | «World» | Wedgwood | Wedgwood | 1:32 |
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Armin» (Instrumental) | - | Jobson, Wedgwood, Kirby, Russell | 3:16 |
6. | «U.H.F.» | Kirby | Kirby | 6:06 |
7. | «Two-Three-Two» | Wedgwood | Wedgwood | 4:10 |
8. | «Easy» | Kristina | Kristina | 6:45 |