Al-Haffah | |||
الحفة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Latakia guvernement | ||
Distrikt | Al-Haffah-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Haffah | ||
Høgd | 310 moh. | ||
Koordinatar | 35°35′N 36°2′E / 35.583°N 36.033°E | ||
Folketal | 4 298 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Haffah 35°35′00″N 36°02′00″E / 35.583333333333°N 36.033333333333°E | |||
Kart som viser Al-Haffah.
|
Al-Haffah (arabisk الحفة) er ein by nordvest i Syria som administrativt høyrer til Latakia guvernement, 33 kilometer aust for Latakia. Han er senteret i al-Haffah-distriktet, eit av fire distrikt (mantiqah) i Latakia guvernement. Han ligg 310 meter over havet og hadde i 2004 4 298 innbyggjarar i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS). I lag med dei kringliggande landsbyane i al-Haffa nahiyah (nahiya) har al-Haffa eit folketal på 23 347.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar,[2] kring 90%, medan kristne utgjer kring 10% av folketalet. Dei to samfunna har levd i lag i al-Haffah i hundevis av år.[3]
Innbyggjarane i al-Haffa driv stort sett med jordbruk. Byen produserer mange typar frukt, som oliven, fiken, granateple, eple og pærer.
Al-Haffa er ogmjeve av fjell og ligg berre 7 km vest for Salah Ed-Din-borga, ein verdsarvstad. Området har ei antikk historie som starta med ein fønikisk busetnad. Seinare vart han ein viktig strategisk stad for krossfararar, då dei invaderte området.
Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Haffah tidleg på 1200-talet, under Ajjubide-dynastiet, og noterte at han var eit distrikt vest for Halab (Aleppo), som bestod av mange landsbyar. Klede kalla Haffiyyah kom frå her.[4]
I 1919 var al-Haffah ein del av det eit lite opprør i leia av Umar al-Bitar i Sahyun-regionen som al-Haffah er senter i.[5] På same tid vart han med i opprøret til Saleh al-Ali, som var i allianse med al-Bitar.[6]
Frå 5. til 13. juni 2012 var byen involvert i slaget ved Al-Haffah, som ein del av den syriske borgarkrigen. Nesten alle innbyggjarane flykta då frå byen. Al-Haffah har dermed i røydna vorte ein spøkjelsesby.[7]