Al-Ittihad | |||
الاتحاد | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°58′00.33″N 35°06′06.76″E / 31.9667583°N 35.1018778°E | ||
Folketal | 6 803 (2007)[1] | ||
Grunnlagd | 1997 | ||
Borgarmeister | Faisal Bazzar[2] | ||
Al-Ittihad i Ramallah 31°58′00″N 35°06′07″E / 31.96675833°N 35.10187778°E | |||
Kart som viser Al-Ittihad i Ramallah.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Ittihad, Ramallah | |||
Nettstad: http://www.ittihad-mun.org/ |
Al-Ittihad (arabisk الاتحاد tyder «Unionen») er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, skapt i 1997 då tre mindre byar vart slått saman. Desse var Beitillu, Deir 'Ammar og Jammala. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 6 803 i 2007.[1]
Beitillu (arabisk بيتللو) er ein palestinsk by som ligg i Ramallah og al-Bireh guvernement nord på Vestbreidda, 19 kilometer nordvest for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på kring 3 083 i 2006[3]
Deir 'Ammar (arabisk دير عمار) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 17 kilometer nordvest for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 2 414 innbyggjarar i 2006.[3]
Jammala (arabisk جمّالا) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 18 kilometer nordvest for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 1 453 innbyggjarar i 2006.[3]