Al-Qutailibiyah | |||
القطيلبية, Kotailabiyeh | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Latakia guvernement | ||
Distrikt | Jableh-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Qutailibiyah | ||
Koordinatar | 35°17′20″N 36°0′55″E / 35.28889°N 36.01528°E | ||
Folketal | 5 566 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Qutailibiyah 35°17′20″N 36°00′55″E / 35.28888889°N 36.01527778°E | |||
Kart som viser Al-Qutailibiyah.
|
Al-Qutailibiyah (arabisk القطيلبية, òg skrive Kotailabiyah eller Qutelbyeh) er ein by nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, sør for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Arab al-Mulk og Qurfays i vest, Jableh i nordvest, Siyano i nord, Ayn al-Sharqiyah i nordaust, Daliyah i søraust og Dweir Baabda i sør. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde al-Qutailibiyah eit folketal på 5 566 i 2004. Han er det administrative senteret i al-Qutailibiyah nahiyah («underdistrikt») som består av 32 stader med eit samla folketal på 32 582 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar frå klanane Bani Ali (ein del av Haddadin-føderasjonen) og Kharalis Ghuraba (ein del av Kalbiyya-føderasjonane).[2]
Mange av innbyggjarane i al-Qutailibiyah har band til tryggleiksinstitusjonane i landet, særleg i forhold til Ali Douba, og mange av føretaka i al-Qutailibiyah, særleg grossistar som sel varer til føretak i nærleiken av al-Ghabsletta.[2]