al-Shaykh Maskin | |||
الشيخ مسكين | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Izra-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Shaykh Maskin | ||
Koordinatar | 32°49′42″N 36°9′31.5″E / 32.82833°N 36.158750°E | ||
Folketal | 24 057 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Shaykh Maskin 32°49′46″N 36°09′34″E / 32.829444444444°N 36.159444444444°E | |||
Kart som viser Al-Shaykh Maskin.
| |||
Wikimedia Commons: Sheikh Maskin city |
Al-Shaykh Maskin (arabisk الشيخ مسكين, òg skrive Sheikh Miskin, Sheikh Maskin eller Eshmiskin) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nord for Daraa. Av stader i nærleiken finn ein Ibta' og Da'el i sør, Khirbet al-Ghazaleh i søraust, Izra' i nordaust, Nawa i nordvest og Sheikh Sa'ad i vest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) census, hadde al-Shaykh Maskin eit folketal på 24 057 i 2004.[1] The innbyggjarar are predominantly sunnimuslimar.[2]
Clermont-Ganneau meinte at bynamnet kunne kome frå «Den spedalske sjeiken», som i Bibelen er Job.[3] Al-Shaykh Maskin har blitt identifisert som den romerske staden «Neapolis.» på 300-talet hadde Neapolis vokse og blitt ein by.[4] Det vart vigsla ei kyrkje der i 517 under Austromarriket.[5] I den korte artikkelen i Catholic Encyclopedia frå 1911, skriv Siméon Vailhé at mange autoritetar på den tida meinte at Al-Shaykh Maskin kan ha vore den antikke byen og bispesetet Maksimianopolis i Arabia,[6] som i dag er identifisert som nærliggande Shaqqa.[7][8]
Det osmanske riket annekterte regionen i 1516. I denne tida var al-Shaykh Maskin busett av lokale beduinar som nytte godt av den årlege pilegrimsferda hajj til Mekka ved å gje pilegrimane kamelar for ruta vidare.[9] I 1596 var al-Shaykh Maskin oppført i osmanske skattelister som Samsakin og var ein del av Bani Malik al-Asraf nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk folkesetnad som bestod av 56 hushaldningar og 17 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.[10]
I 1850-åra bestod al-Shaykh Maskin av kring 100 hus og alle innbyggjarane var muslimar.[11] Hovudnæringa i byen på 1800-talet var kornproduksjon, som vart eksportert lokalt. Tømmer og klede var viktige importvarer. Godstrafikken gjekk via jernbanestasjonen i byen, som òg tente alle landsbyane mellom Sheikh Maskin og Lejah-regionen. Han voks kraftig mellom 1891 og 1900.[12] Byen var heimstad til fleire administrative kontor for det lokale styret i Hauran på siste halvdel av dette hundreåret.[13]
Sjeiken var Ahmed al-Hariri, òg kjend som Ahmed al-Turk, som tente som Sheikh Mushaikh al-Hauran («sjefen over alle sjefar i Hauran»). Familien hans hevda å vere etterkomarar etter den islamske profeten Muhammed og var derfor kalla sharifar. Etter striden mellom drusarar og kristne i området i 1860, leia sjeik Ahmed al-Turk ein styrke på 200 stammemenn til Daraa, og redda over 500 kristne i byen frå eit føreståande åtak frå drusarane frå Lejah, som styrkane hans utsletta heilt. Han bad så ale sjeikane i området som var underlagt han, om å spare liva til dei kristne, noko dei òg gjorde.[2]
I 1895 flykta innbyggjarar frå dusenvis av landsbyar øydelagde av drusarane til al-Shaykh Maskin. Drusarane gjekk til strid då det kom ut eit osmansk påbod om at alle drusiske menn måtte avtene verneplikt i den osmanske hæren. Osmanske soldatar mobiliserte ved al-Shaykh Maskin fore å førebu utskriving av drusarar til verneplikta.[14] Cuinet skreiv i 1896 at al-Shaykh Maskin hadde 800 innbyggjarar, inkludert 400 muslimar og 400 gresk-ortodokse,[15] medan Gottlieb Schumacher i 1897 skildra byen som «stor og velståande».[16]
Den 24. mars 2012, under den syriske borgarkrigen som byrja i mars 2011, braut det ut strid mellom opprørarar og den syriske hæren i al-Shaykh Maskin, i følgje Syrisk observatorium for menneskerettar, ei aktivistgruppe som dokumenterer krigen. Byen vart bomba av hæren.[17] Den 29. mars rapporterte Observatory at det hadde vore daglege samanstøytar i byen.[18] Tunge kampar vart rapportert den 4. april.[19]