Al-Shirqat | |||
Sharqat, arabisk الشرقاط | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salah ad-Din | ||
Distrikt | Al-Shirqat | ||
Tidssone | AST (UTC+3) | ||
Al-Shirqat 35°29′09″N 43°14′26″E / 35.485833333333°N 43.240555555556°E |
Al-Shirqat er ein by vest for Tigris i Salah ad Din guvernement i Irak. Det er det administrative senteret i Al-Shirqat-distriktet og ligg nær ruinane av den assyriske oldtidsbyen Assur.
I 1918 vart slaget ved Sharqat utkjempa mellom britiske og osmanske styrkar ved byen.
Den islamske staten tok kontroll over byen under offensiven deira i juni 2014. I juni 2016 gjekk irakiske styrkar mot byen.[1] Den 22. september 2016 sikra irakiske styrkar byen frå IS.[2] Meir enn 160 000 menneske vart forflytta frå Sharqat då Den islamske staten okkuperte byen.[3]