Al Greenwood | |||
| |||
Fødd | 20. oktober 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York City i USA | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Foreigner, Spys | ||
Verka som | klaverspelar |
Alan «Al» Greenwood (fødd 20. oktober 1951) er ein USA-amerikansk rockemusikar som var med å skipe og spele klaverinstrument i rockebandet Foreigner frå 1976 til 1980. Han spelte på albuma Foreigner av Foreigner (1977), Double Vision (1978) og Head Games (1979).
I 1981 skipa Greenwood bandet Spys med den tidlegare Foreigner-bassisten Ed Gagliardi, John Blanco, John Digaudio og Billy Milne og spelte inn albuma Spys (1982) og Behind Enemy Lines (1983).[1]
Greenwood spelte klaverinstrument debutalbumet til Joe Lynn Turner som soloartist, Rescue You i 1985.
I tillegg spelte Greenwood klaverinstrument på Kool the Candy Wrapper-songen «Shake It».