Al Khor | |||
Jazirat bin Ghanim | |||
øy | |||
Vegetasjon på Al Khor
| |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 25°41′34″N 51°32′56″E / 25.69278°N 51.54889°E | ||
Al Khor-øya 25°41′34″N 51°32′56″E / 25.6928°N 51.5489°E | |||
Kart som viser Al Khor-øya.
| |||
Wikimedia Commons: Al Khor Island |
Al Khor, òg kalla Jazirat bin Ghanim, er ei øy og ein arkeologisk funnstad utafor nordaustkysten av Qatar. Det er den einaste staden i landet der det er gjort arkeologiske funn som går heilt attende til det andre tusenåret fvt.[1] Øya har vore busett i fire hovudperiodar, datert så tidleg som kring 2000 fvt. til så seint som 1900-talet. Øya er mest kjend for drifta av ein kassittisk-kontrollert purpurfargeindustri på 1000-talet fvt.[2]
Ein har ikkje funne avgjerande spor på at øya var busett i yngre steinalder.[3] Ein har derimot oppdaga fleire steinalderleirar og potteskar frå Ubaid kring 6 km aust for øya.[4] Ein har gjetta på at øya vart vitja av desse steinaldermenneska.[5]
Keramikk frå Dilmun-sivilisasjonen indikerer at øya var nytt til den Bahrain-baserte sivilisasjonen frå kring 2000 til 1750 fvt.[2] Keramikk datert til tidleg i Dilmun-tida består hovudsakleg av mellomstore krukker og kokekar.[2] Ein kan ha oppretta busetnader i Dilmun-tida for reisande mellom Bahrain og dei nærmaste, viktigare busetnadane i Persiabukta, Tell Abraq. Eit anna forslag går ut på at vitjande fiskarar eller perledykkarar hadde leir på øya. Funn av keramikk i området indikerer òg at det kan ha vore handel mellom innbyggjarane på Al Khor og Dilmun-sivilisasjonen, men dette er usannsynleg fordi det var få innbyggjarar i Qatar på denne tida.[6]
Kassitane dreiv ein purpurfargeindustri på øya frå kring 1400 til 1100 fvt.[2] Det var òg handelssamband mellom innbyggjarane i Qatar og kassittane.[1][7] Ein har funne kring tre millionar knuste snigleskal og kassittiske potteskar.[8] Det er påstått at øya er den tidlegaste kjende staden for denne typen purpurfargeproduksjon.[9][10] Fargen kom frå sniglen Murex og fekk namnet «tyrisk fiolett».[8] Den raudbrune fargen i det qatarske flagget vart dels vald på grunn av purpurfargeindustrien på denne øya.[11][12]
Ein har funne lekamar frå seint i sasanidetida, frå kring 400 til 600.[2]
Al Khor var busett i sein islamsk tid, frå kring 1700 til 1900.[2]
Mission Archéologique Français à Qatar, ein fransk team leia av Jacques Tixier, gjorde dei arkeologiske funna her i 1976.[13]