Al Khuwayr | |||
landsby | |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
kommune | Ash Shamal | ||
Koordinatar | 26°4′29″N 51°5′1″E / 26.07472°N 51.08361°E | ||
Al Khuwayr 26°04′29″N 51°05′01″E / 26.074722222222°N 51.083611111111°E | |||
Kart som viser Al Khuwayr.
| |||
Wikimedia Commons: Al Khuwayr |
Al Khuwayr er ein busetnad i Qatar i kommunen Ash Shamal.
Al Khuwayr vart tidlegare kalla Khor Hassan,[1] som tyder 'vakker vik'.[2] Seint på 1700-talet, slo Rahmah ibn Jabir al-Jalahimah seg ned i Al Khuwayr. Staden var basen hans i striden mot Al Khalifa i Bahrain.[3] Basen til Rahmah i Al Khuwayr var omringa av ei trygg vik som gjorde det vanskeleg for fiendane hans å nå basen. Han heldt til i eit fort med gjørmemurar og det var berre nokre få hytter i nærleiken.[4]
J.G. Lorimer skildra Al Khuwayr i Gazetteer of Gulf of Persia i 1908:
« |
Ein landsby på vestkysten av Qatarhalvøya, kring 15 km frå nordenden. Staden vert ofte berre kalla «Khuwair» i motsetnad til «Khor» på den andre sida av halvøya. Khuwair har eit stammefort i god tilstand og er busett av kring 80 familiar frå Kibisah-stamma [Qubaisi], som berre livnærer seg av perledykking og fiske. Dei har 20 perlebåtar [bemanna av 240 mann] fem fiskebåtar og 20 kamelar, men ingen andre ressursar. Drikkevatnet vert henta frå Thaqab, kring 5 km mot søraust. Ein holme utafor Khuwair Hassan vert kalla Jazirat-al-Khuwair.[5] |
» |