Al Marjan Island | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Ras Al Khaimah | ||
- koordinatar | 25°40′N 55°44′E / 25.667°N 55.733°E | ||
Grunnlagd | 2013 | ||
![]() Al Marjan Island 25°40′19″N 55°44′26″E / 25.67185556°N 55.74068056°E | |||
Wikimedia Commons: Al Marjan Island | |||
Nettstad: http://www.almarjanisland.com/ |
Al Marjan Island er ei gruppe på fire korallforma øyar i ei menneskeskapt øygruppe i Ras Al Khaimah i Dei sameinte arabiske emirata i Persiabukta. Ho vert administrert av Al Marjan Island Company.[1] Det ligg fleire feriestader, strender og andre turistmål på dei fire øyane, som er eit av dei fremste turistmåla i Emirata.[2] Området hadde over hundre tusen vitjande i 2014.[3][4][5]
Bygginga av øyane starta i 2013 med ein femårsplan. Øyane husar i dag 45 % av alle 5-stjerners hotellromma i Emirata gjennom Rixos Bab Al Bahr, Hilton og Al Marjan Island Hotel & Spa.
Øygruppa består av Breeze Island, Treasure Island, Dream Island og View Island. Dei strekkjer seg 4,5 km ut i havet og dekkjer eit område på 2,7 km². Breeze Island består av fleire hotell og ein 2000 meter lang promenade langs sjøen.[6] Treasure Island er eit hovudsakleg bustadområde.[7] Dream Island er eit stort strandområde med fleire hotell og klubbar langs breidda.[8] View Island ligg sentralt i øygruppa med bustadområde og underhaldning.[9]