Al Thakhira | |||
الذخيره | |||
landsby | |||
Al Thakhira-stranda i Qatar
| |||
Land | Qatar | ||
---|---|---|---|
Kommune | Al Khor | ||
Koordinatar | 25°44′05″N 51°32′51″E / 25.73472°N 51.54750°E | ||
Folketal | 13 511 (2004) | ||
Al Thakhira 25°44′05″N 51°32′51″E / 25.73472222°N 51.5475°E | |||
Kart som viser Al Thakhira.
| |||
Wikimedia Commons: Al Dhakhira |
Al Thakhira er ein landsby ved kysten i Al Khor kommune i Qatar, kring 7 km nordaust i byen Al Khor. Al Dakhira naturreservat ligg i området, og er ei øy med mangrover og ei strand.[1]
J.G. Lorimer skreiv i Gazetteer of Gulf of Persia om Al Thakhira i 1908:
« |
Ein landsby på austkysten av Qatar, ved ein khor eller ei vik med same namn, kring 45 km nord for Doha, og består av kring 100 hus som tilhøyrer Mahandah-stamma (Al Muhannadi). Folket er alle perledykkarar, og har ingen andre jobbar utanom fiske og dei eig ingen dyr. Landsbyen eig femten perlebåtar (bemanna av 180 mann), to andre havgåande fartøy og fem fiskebåtar. Av transportdyr finn ein 10 kamelar. Drikkevatnet kjem frå Lubwairdah, 3,5 km mot nordvest.[2] |
» |
Al Thakhira har sin eigen amatørfotballiga.[3] I 2005 vart Al Thakhira FC skipa og har konkurrert i den QFA-godkjende Qatar amatørliga sidan 2013.[3]