Albert Viljam Hagelin

Albert Viljam Hagelin

Fødd24. april 1881
Bergen
Død25. mai 1946 (65 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling (1935; 1945)
Yrkepolitikar, songar, forretningsdrivande, operasongar
MedlemJosef Terboven sine kommissariske statsrådar

Albert Viljam Hagelin (fødd 24. april 1881 i Bergen, daud 25. mai 1946 i Oslo) var ein norsk forretningsmann og politikar for Nasjonal Samling (NS). Han var med i Quisling si kupp-regjering i 1940, og sat så som «kommissarisk» statsråd og innanriksminister i NS-regjeringa fram til 1944. Han vart dømd til døden og avretta i landssvikoppgjeret etter slutten til krigen.