Coz I Luv You Samlealbum av Slade | ||
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 37:05 | |
Selskap | Polydor (GER) | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
---|---|---|
Play It Loud (1970) |
Coz I Luv You | Slade Alive! (1972)
|
Coz I Luv You er eit samlealbum av det britiske rockeband Slade. Det kom ut i 1972 i somme land i Europa, Australia og Argentina.[1] Det var det første samlealbumet deira og nådde tiandeplassen i Nederland.[2]
Det utnytta suksessen bandet hadde med gjennombrotet sitt med singlane «Get Down and Get with It», «Coz I Luv You» og «Look Wot You Dun» i 1971. Samlealbumet vart raskt sett saman og gjeve ut av Polydor. Utaom A-sidene inneheld samlinga miksar av B-sidene og albumspor frå albumet Play It Loud frå 1970.
«Coz I Luv You» vart gjeve ut av Polydor i Tyskland, Nederland, Noreg, Sverige, Argentina og Australia.[1] I Argentina kom det ut under namnet Mira Lo Que Has Hecho, som tyder «Look What You Have Done».[3] I Nederland hadde samleplata eit anna innhald enn dei andre utgåvene. Her vart «Angelina», «Candidate», «Look Wot You Dun» og «Could I» erstatta med «One Way Hotel», «Do You Want Me», «See Us Here» og «Know Who You Are».[4]
I 1973 vart albumet gjeve ut på ny i Tyskland på Luxor Gold. Dette hadde òg eit anna innhald med «See Us Here», «One Way Hotel», «I Remember», «Pouk Hill» og «Dirty Joker» i staden for «My Life is Natural», «Candidate», «Could I», «Gospel According to Rasputin» og «Get Down and Get with It».[5] Ei anna tysk nyutgåve kom i 1974, på Karussell, men med den originale sporlista frå 1972.[6][5] Samleplata er ikkje lenger i trykk og har aldri vore utgjeven på CD.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
I ei seinare melding av albumet skreiv Dave Thompson i AllMusic: «...sant nok var det lite her for samlarar å arbeide med utanom A- og B-side frå dei siste tre singlane deira sidan eit halvt dusin av songane kom frå Play It Loud. Men det er likevel eit strålande samlealbum der albuma står godt ved sidan av hittane. I myriaden av samleplater av Slade som har kome i tiåra sidan dette - det første av dei alle - kjennest dette nærare eit 'verkeleg' album enn nokre av dei andre.»[7]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Coz I Luv You» | Noddy Holder, Jim Lea | 3:23 |
2. | «Dapple Rose» | Lea, Powell | 3:25 |
3. | «My Life is Natural» | Holder | 3:12 |
4. | «Angelina» | Neil Innes | 2:45 |
5. | «Candidate» | Lea, Powell | 2:50 |
6. | «Sweet Box» | Lea, Powell | 3:20 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Look Wot You Dun» | Holder, Lea, Powell | 2:56 |
8. | «Could I» | Jimmy Griffin, Robb Royer | 2:45 |
9. | «Raven» | Holder, Lea, Powell | 2:30 |
10. | «Gospel According to Rasputin» | Holder, Dave Hill | 4:20 |
11. | «The Shape of Things to Come» | Barry Mann, Cynthia Weil | 2:15 |
12. | «Get Down and Get with It» | Bobby Marchan | 3:45 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Coz I Luv You» | 3:24 |
2. | «Dapple Rose» | 3:25 |
3. | «Sweet Box» | 3:20 |
4. | «Gospel According to Rasputin» | 4:23 |
5. | «My Life is Natural» | 3:12 |
6. | «The Shape of Things to Come» | 2:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Get Down and Get with It» | 4:12 | |
8. | «One Way Hotel» | Holder, Lea, Powell | 2:35 |
9. | «Raven» | 2:30 | |
10. | «Do You Want Me» | Holder, Hill | 4:30 |
11. | «See Us Here» | Holder, Lea, Powell | 3:10 |
12. | «Know Who You Are» | Holder, Lea, Powell, Hill | 2:50 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Look Wot You Dun» | 2:56 |
2. | «Raven» | 2:30 |
3. | «See Us Here» | 3:10 |
4. | «Dapple Rose» | 3:25 |
5. | «One Way Hotel» | 2:35 |
6. | «Angelina» | 2:45 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Coz I Luv You» | 3:23 | |
8. | «I Remember» | Lea, Powell | 2:55 |
9. | «Pouk Hill» | Holder, Lea, Powell | 2:23 |
10. | «The Shape of Things to Come» | 2:15 | |
11. | «Dirty Joker» | Lea, Powell | 3:26 |
12. | «Sweet Box» | 3:20 |
Liste (1972) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[8] | 29 |
Nederland[2] | 10 |
}}