Mellow Yellow Studioalbum av Donovan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1967 | |
Innspelt | September/oktober 1966 | |
Studio | Abbey Road Studio og Landsowne Studios i London | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 34:13 | |
Selskap | Epic LN 24239 | |
Produsent | Mickie Most | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Sunshine Superman (1966) |
Mellow Yellow | A Gift from a Flower to a Garden (1967)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Mellow Yellow er det fjerde albumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i USA i mars 1967 på Epic Records[1], men vart ikkje gjeve ut i Storbritannia på grunn av kontraktsproblem, som òg hindra Sunshine Superman frå britisk utgjeving. I juni 1967 vart ei blanding av dei to albuma gjeven ut som Sunshine Superman (Pye Records NPL 18181) i Storbritannia. «Mellow Yellow» vart ein hitsingel for Donovan i november året før.
Songane på Mellow Yellow representerer ein overgang i låtskrivinga til Donovan. Songane hans hadde tidlegare illustrert kjærleiken hans for popmiljøet midt på 1960-talet. På Mellow Yellow ser ein framleis dette i «Sunny South Kensington», «Museum» (opphavleg spelt inn for Sunshine Superman og spelt inn på ny for Mellow Yellow) og tittelsporet, men òg livstrøytte observasjonar av same miljø («Young Girl Blues»). Kontraktsproblema hindra utgjeving av musikken til Donovan i Storbritannia, og det førte til at han skreiv songar som «Writer in the Sun», der han har tankar om at han kanskje vert tvungen til å trekkje seg frå musikkindustrien berre 20 år gammal.
Produksjonen til Mickie Most og arrangementa til John Paul Jones er gjort forskjellige på kvar av låtane til Donovan gjennom heile Mellow Yellow. Dei meir livlege songane har meir varierte instrumentbruk, som på Sunshine Superman og hjelpte å gjere tittelsporet til ein hitsingel på begge sider av Atlanteren. På dei innovervente funderingane vert det nytta enklare instrumentering.
Songen «House of Jansch» var ei hyllest til venen Bert Jansch, og var tredje Donovan-albumet på rad som hylla denne britiske visesongaren.
Det har vore rykte om at venen til Donovan, Paul McCartney, kviskrar «quite rightly»-delen på «Mellow Yellow», men det er i røynda Donovan sjølv. Det er mogeleg at McCartny var blant folka ein kan høyre juble mot slutten av songen.
Alle spor skrivne av Donovan Leitch
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Mellow Yellow» | 03:47 |
2. | «Writer in the Sun» | 04:33 |
3. | «Sand and Foam» | 03:19 |
4. | «The Observation» | 02:23 |
5. | «Bleak City Woman» | 02:24 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «House of Jansch» | 02:43 |
7. | «Young Girl Blues» | 03:45 |
8. | «Museum» | 02:54 |
9. | «Hampstead Incident» | 04:41 |
10. | «Sunny South Kensington» | 03:48 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Epistle to Dippy» | 03:11 |
12. | «Preachin' Love» | 02:40 |
13. | «Good Time» | 01:54 |
14. | «There is a Mountain» | 02:36 |
15. | «Superlungs» | 03:17 |
16. | «Epistle to Dippy» | 03:13 |
17. | «Sidewalk (The Observation)» | 02:29 |
18. | «Writer in the Sun» | 03:30 |
19. | «Hampstead Incident» | 03:52 |
20. | «Museum» | 03:49 |
År | Title | U.S. Billboard 200[2] | Label |
---|---|---|---|
1967 | Mellow Yellow | 14 | Epic Records BN 26239 |
År | Tittel | Salslister | |||
---|---|---|---|---|---|
Billboard[3] | Cashbox[4] | AU[5] | |||
1967 | «Mellow Yellow» med «Sunny South Kensington» (USA) med «Preachin' Love» (Storbritannia) |
2 | 3 | 7 |