Aleksander Stokkebø

Aleksander Stokkebø

Fødd2. november 1994 (30 år)
Stavanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Aleksander Stokkebø (fødd 2. november 1994) er ein norsk politikar frå Stavanger. Han har sidan 2017 vore stortingsrepresentant frå Rogaland for partiet Høgre.

Stokkebø har studert jus. I 2015 vart han vald til bystyremedlem i Stavanger og til fylkestingsmedlem i Rogaland. Hausten 2017 vart han 1. vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Etter som Bent Høie vart verande statsråd i Solberg-regjeringa heile fireårsperioden, møtte Stokkebø fast til 2021. Fram til 8. februar 2018 var han medlem i Utdannings- og forskningskomiteen, sidan ut perioden i Finanskomiteen. Gjennom stortingsvalet 2021 fekk han fast plass på Stortinget.