Aleksandr Goedicke | |||
| |||
Fødd | 4. mars 1877 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Moskva | ||
Død | 9. juli 1957 (80 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Fødenamn | Александр Фёдорович Гедике, Aleksandr Fjodorovitsj Goedicke (også Gedike, Gödike, Goedike, Gödicke) | ||
Opphav | Det russiske imperiet, Sovjetunionen | ||
Sjanger | opera, klassisk musikk | ||
Instrument | piano, pipeorgel | ||
Verka som | komponist, pianist, organist, musikkpedagog, universitetslærar | ||
Prisar | Stalinprisen, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Arbeidets røde fanes orden, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Leninordenen |
Aleksandr Fjodorovitsj Goedicke (4. mars 1877–9. juli 1957) var ein russisk organist, pianist, komponist og musikkpedagog.
Forfedrene til Goedicke stamma frå Tyskland, men fleire generasjonar av dei hadde allereie arbeidd som musikarar i Moskva.
I 1909 blei Goedicke utnemnd til professor i klaverspel ved konservatoriet i Moskva. Seinare underviste han òg i orgel og kammermusikk og skapte seg framfor alt eit ry som fortolkar av Johann Sebastian Bach sin musikk.
Han skreiv òg eit stort tal eigne verk, blant anna fleire operaer og symfoniar, men det meste var orgel- og klavermusikk.
Goedicke og den russiske komponisten og pianisten Nikolaj Medtner var fetrar.