Alessandro Cattelan

Alessandro Cattelan

Fødd11. mai 1980 (44 år)
FødestadTortona
Aktive år2003–
Verka somprogramleiar, skribent, radioprogramleiar, fotballspelar, VJ, dubbar, arrangementvert

Alessandro Cattelan (fødd 11. mai 1980 i Tortona) er ein italiensk tv-programleiar og mediepersonlegdom. Han har leia ei rekkje tv-program gjennom 2000-tallet, blant anna den italienske versjonen av Total Request Live på MTV Italia, og Le Iene på fjernsynskanalen Italia 1. Han var også programleiar for italienske X Factor frå 2011 til 2020. I 2022 var han aktuell med Netflix-serien Alessandro Cattelan: Spørsmålet og som programleiar for Eurovision Song Contest 2022 saman med musikarane Laura Pausini og Mika.[1][2]

Cattelan vart fødd og vaks opp i kommunen Tortona i provinsen Alessandria, medan foreldra hans opphavleg er frå San Donà di Piave i Venezia.[3] Allereie som sjuåring i 1987 dukka han opp på fjernsynet, som jurymedlem i den internasjonale barnesongtevlinga Zecchino d’OroRai 1.

Fjernsynskarriere

[endre | endre wikiteksten]

I 2001 debuterte Cattean som programleiar for sendinga Viv.it på musikkanalen VIVA, og i 2003 leia han barneprogrammet Ziggie på fjernsynskanalen Italia 1.[4] Sommaren 2004 debuterte han på MTV Italia, som programleiar for Most Wanted, eit interaktivt musikkprogram der sjåarane kunne ringe inn og delta. Sommaren etter drog han saman med VJ-en Giorgia Surina til USA for å vere vertskap for sommarprogrammet Viva Las Vegas. Seinare i 2005 var han programleiar for Total Request Live, den italienske versjonen av MTV-musikkprogrammet. Han leia programmet saman med Giorgia Surina fram til 2006, då han leia programmet åleine. I 2006 deltok han i satire- og humorprogrammet Le Iene på Italia 1, og han debuterte som songar saman med Gianluca Quagliano på albumet Sunglasses (Non dirlo a nessuno).[5]

I 2011 byrja Cattelan i fjernsynskanalen Sky Italia, og var seinare programleiar under Copa América 2011Sky Sports. Same haust vart han programleiar for italienske X FactorSky Uno, og han leia songtevlinga fram til 2020.[6] På same kanal fekk han også sitt eige talkshow, E poi c'è Cattelan (norsk omsetjing: Og så har du Cattelan), og han vart i 2018 kåra til årets italienske programleiar under Flaiano-prisutdelinga.[7]

Cattelan har også vore programleiar for sendingar som filmprisutdelinga David di Donatello i 2016 og 2017, og programmmet Da grande på Rai 1 i 2021. I mai 2022 var han programleiar for Eurovision Song Contest 2022 i Torino saman med musikarane Laura Pausini og Mika. Våren 2022 var han også aktuell med Netflix-serien Alessandro Cattelan: Spørsmålet, der han tok opp eksistensielle spørsmål med kjende gjestar som Paolo Sorrentino og Roberto Baggio.

Radio og litteratur

[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til fjernsyn, har Cattelan leia fleire program på radio, blant anna kanalane Radio Kiss Kiss, RTL 102.5 og Radio 105. I 2013 var han ein av hovudprogramleiarane på musikkanalen Radio Deejay, og han leia hitlisteprogrammet 50 Songs i 2015 og 2016.

Cattelan har også gjeve ut fleire bøker. I 2008 gav han ut romanen Ma la vita è un'altra cosa (Men livet er ei anna ting) på forlaget Mondadori. Han skreiv romanen saman med venen Niccolò Agliardi. I 2010 kom oppfølgjarboka Zone rigide, og i 2011 følgde Quando vieni a prendermi? (Når kjem du for å hente meg?), også desse på Mondadori.[8]

I desember 2020 gav Cattelan ut barneboka Emma libera tutti! (Emma frir alle!) på Gallucci Editore. Boka er inspirert av eventyra dottera hans Nina fortalde.[9]

Fotballkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Cattelan har hatt ein kort fotballkarriere som forsvarsspelar i dei lågare divisjonane i italiensk fotball. I 1995 var han i spelarstallen til A-laget til heimbyen HSL Derthona. I 1999 spela han for Sarezzano og sidan fleire andre småklubbar i dei lågare ligaane i italiensk fotball.[10]

I 2017 kunngjorde Cattelan at han hadde signert kontrakt med HSL Derthona, og han spela nokre få kampar fram til februar 2018, då ein skade vinga han til å ta ein spelepause.[11][12] Kontrakten med HSL Derthona vart avslutta i juni 2018, og Cattelan melde overgang til den sanmarinske fotballklubben La Fiorita.[13] Der spela han blant anna dei siste minutta av Champions League-kvalifiseringskampen mot Lincoln Red Imps F.C., ein kamp San Marino-laget tapte 0–2.[14]

I april 2014 gifta Cattelan seg med den sveitsiske modellen Ludovica Sauer.[15] Paret har to døtre: Nina (fødd i 2012) og Olivia (fødd i 2016).[16]

Utval av fjernsynssendingar og program som Cattelan har leia eller delteke i:[17]

  • Viv.it (VIVA, 2001–2002)
  • Play It (All Music, 2002–2004)
  • Ziggie (Italia 1, 2003–2005)
  • Most Wanted (MTV Italia, 2004)
  • Viva Las Vegas (MTV Italia, 2005)
  • MTV Supersonic (MTV Italia, 2005)
  • Total Request Live (MTV Italia, 2005–2008)
  • Le iene (Italia 1, 2006)
  • Total Request Live On Tour (MTV Italia, 2006–2008)
  • MTV Day (MTV, 2006–2008)
  • TRL Awards (MTV, 2006–2008)
  • Lazarus (MTV Italia, 2008)
  • Stasera niente MTV (MTV Italia, 2008)
  • Coca Cola Live @ MTV – The Summer Song (MTV Italia, 2009)
  • Quelli che il calcio e... (Rai 2, 2009–2011)
  • Copa America Hoy (Sky Sport, 2011)
  • X Factor (Sky Uno, 2011–2020)
  • X Factor Daily (Sky Uno, 2011–2014)
  • Italia Loves Emilia (Sky Prima Fila, 2012)
  • Potevo farlo anch'io! (Sky Arte, 2013)
  • E poi c'è Cattelan (Sky Uno, 2014–2020)
  • Web Show Awards (La3, 2014)
  • David di Donatello (Sky Uno, Sky Cinema 1, TV8, 2016–2017)
  • Da grande (Rai 1, 2021)
  • Alessandro Cattelan: Spørsmålet (Netflix, 2022)
  • Eurovision Song Contest 2022 (Rai 1, 2022)
  1. «Watch Alessandro Cattelan: One Simple Question | Netflix Official Site». www.netflix.com (på engelsk). Henta 5. februar 2022. 
  2. «Eurovision 2022 Hosts: Laura Pausini, Alessandro Cattelan and Mika 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 2. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  3. «Epcc, lo show 2.0 di Cattelan. Intervista al Letterman di Sky: "Mi basta un'ora"». La Gazzetta dello Sport - Tutto il rosa della vita (på italiensk). Henta 5. februar 2022. 
  4. «Alessandro Cattelan». IMDb. Henta 5. februar 2022. 
  5. «Alessandro Cattelan: Volevo fare il calciatore e il cantante». TvZoom (på italiensk). 23. mai 2016. Henta 5. februar 2022. 
  6. TG24, Sky. «Finale di X Factor, Alessandro Cattelan: 'E' la mia ultima puntata'». tg24.sky.it (på italiensk). Henta 5. februar 2022. 
  7. «Alessandro Cattelan vince il Premio Flaiano come miglior conduttore Tv». www.rumors.it (på italiensk). 9. juli 2018. Henta 5. februar 2022. 
  8. «Alessandro Cattelan: Libri dell'autore in vendita online». www.ibs.it (på italiensk). Henta 5. februar 2022. 
  9. «"Emma libera tutti", la favola di Natale scritta da Nina e Alessandro Cattelan». www.deejay.it (på italiensk). 24. november 2020. Henta 5. februar 2022. 
  10. «Cattelan, lo stopper di Mtv - Gazzetta dello Sport». www.gazzetta.it. Henta 5. februar 2022. 
  11. «Da 'Sky' al calcio: Cattelan giocherà in Prima Categoria | Goal.com». www.goal.com. Henta 5. februar 2022. 
  12. «Cattelan: "Derthona, sarò il tuo Cannavaro. Inter, tieni Perisic"». La Gazzetta dello Sport - Tutto il rosa della vita (på italiensk). Henta 5. februar 2022. 
  13. «Il sogno di Ale Cattelan: il suo Derthona in Promozione, ma servono tre punti a Ovada». La Stampa (på italiensk). 12. mai 2018. Henta 5. februar 2022. 
  14. UEFA.com. «La Fiorita-Lincoln Red Imps 2019 Storia | UEFA Champions League». UEFA.com (på italiensk). Henta 5. februar 2022. 
  15. Bosaia, Maria Sole (27. april 2014). «Alessandro Cattelan e Ludovica Sauer sposi: ecco le immagini del matrimonio - Foto». SoloGossip.it (på italiensk). Henta 5. februar 2022. 
  16. «Sai con chi è sposato Alessandro Cattelan?». Donna Glamour (på italiensk). 21. september 2021. Henta 5. februar 2022. 
  17. «Alessandro Cattelan». IMDb. Henta 5. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]