Alessandro Lambruschini | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 7. januar 1965 (59 år) Fucecchio |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | ridder av Republikken Italias fortjenstorden |
Alessandro Lambruschini (fødd 7. januar 1965) er ein italiensk tidlegare hinderløpar frå Fucecchio i provinsen Firenze. Han vart europameister på 3000 meter hinder i 1994 og vann elles ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar i ulike EM, VM og olympiske leikar i tida 1990-98.
Lambruschini var gjennom ein tiårsperiode ein av dei aller beste europeiske hinderløparane. Han fekk sitt gjennombrot då han vann øvinga i mellomhavsleikane 1987 i Latakia i Syria, fire år seinare forsvarte han meistertittelen i Aten. I 1987 sette han elles personleg rekord på 1500 m med 3.35,2, ei tid som viste hans framifrå fartseigenskapar.
Både under sommarleikane 1988 og 1992 vart Lambruschini nummer fire på 3000 meter hinder, før han så i 1996 vann ein bronsemedalje under Sommar-OL i Atlanta. Det var tredje bronsmedaljen i ein internasjonal meisterskap. I 1990 vart han nummer tre under EM, og same plassen på sigerspallen fekk han i VM 1993 i Stuttgart. Med tida 8.08,7 sprang han i Stuttgart sitt aller snøggaste hinderløp nokon gong. I alle desse nemnde OL- og VM-tevlingane vart han slått einast av kenyanske løparar.
I 1994 vann Lambruschini gullmedaljen på 3000 n hinder då EM i friidrett fann stad i Helsingfors. Fire år seinare tok han ein ny EM-sølv, tyske Damian Kallabis vann ein greis siger.