Alexander Horváth | |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia, Slovakia |
Fødd | 28. desember 1938 Mošovce |
Død | 31. august 2022 (83 år) |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1970 |
Alexander Horváth (fødd 28. desember 1938) er ein slovakisk tidlegare fotballspelar frå Mošovce som i 1969 var med å vinne cupvinnarcupen for Slovan Bratislava. Han er etnisk ungarar, spelte 26 landskampar for Tsjekkoslovakia.
Midtstopparen Horváth spelte på Dynamo Žilina i dei fem åra 1958-62, tapande cupfinalist i 1961. Sidan var han aktiv på Slovan Bratislava frå 1963 til -70. Med laget frå Bratislava vart han nasjonal cupmeister i 1968. Året etter tok Slovan seg til finalen i cupvinnarcupen 1969. Horváth var kaptein for det slovakiske mannskapet som spelte fin fotball og vann 3-2 mot FC Barcelona. Etter han vart tsjekkoslovakisk seriemeister med Slovan i 1970, flytta Horváth til Belgia og spelte for DC Molenbeek i 1-2 år.
Horváth spelte 26 landskampar i tida 1964-70, skåra 3 mål på landslaget. Det siste målet kom på Ullevål stadion i Oslo 13. mai 1970, då han la på til sluttresultatet 2-0 mot eit tamt norsk lag. Han var lagkaptein i dei siste 10 kampane, avslutta landslagstida med å spele to av dei tre kampane til Tsjekkoslovakia under VM i fotball 1970 i Mexico.