Alexandra Beverfjord | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. juni 1977 (47 år) Trondheim |
Yrke | journalist, redaktør, direktør, sosialantropolog, handelsskulekandidat, forfattar |
Alexandra Beverfjord på Commons |
Alexandra Haugland Beverfjord (fødd 2. juni 1977) er ein norsk redaktør, journalist og forfattar. Ho vart ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Dagbladet i april 2018.[1]
Beverfjord starta journalistkarrieren i Adresseavisa i Trondheim der ho jobba meir eller mindre samanhengande frå 1996 til 2001. I 2001 vart ho tilsett i Dagbladet.[1] Beverfjord er utdanna innan sosialantropologi, med mastergrad frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2002 på ei oppgåve om rehabilitering av unge rusmisbrukarar.[2] Ho vart utgåvesjef for Dagbladet Magasinet i 2005, og var nyheitsredaktør i Dagbladet 2010 til 2013.[1]
1. oktober 2013 vart ho reportasjeredaktør i NRK Nyheiter, og var ein av fire redaktørar som leia nyheitsdivisjonen i rikskringkastinga. I oktober 2015 overtok ho som nyheitsdirektør i NRK Nyheiter etter Per Arne Kalbakk.[3]
Alexandra Beverfjord er forfattar ved sida av journalist- og redaktørgjerninga. Ho debuterte med romanen Kretsen, der handlinga var lagt til eit journalistmiljø i hovudstaden. I 2011 vart ho tildelt «Maurits Hansen-prisen - Nytt Blod» for debutromanen.