Alexandre Dubuque | |
Verkeleg namn | russisk Александр Иванович Дюбюк, Alexander Ivanowitsj Djubjuk |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 20. februar 1812 Moskva |
Død | |
Yrke | komponist, pianist, universitetslærar, musikkpedagog |
Språk | fransk |
Alexandre Dubuque på Commons |
Alexandre Dubuque (3. mars 1812–8. januar 1898) var ein russisk pianist, komponist og musikkpedagog av fransk opphav.
Han var son av den franske aristokraten Jean Charles Louis du Buc de Brimeau som slo seg ned i Russland etter å ha flykta frå Frankrike under den franske revolusjonen.
Dubuque studerte hos John Field i Moskva. På oppmoding av Nikolaj Rubinstein blei han utnemnd til professor ved konservatoriet i Moskva og var i tenesta frå 1866 til 1872. Til elevane hans høyrde Milij Balakirev og Nikolaj Zverev. Etter at han slutta ved konservatoriet gav han klavertimar privat.
Dubuque var ein glitrande virtuos og framførte ofte verk av læraren John Field.
Dubuque skreiv rundt 40 klavertranskripsjonar av verka til Franz Schubert og komponerte fleire songar, spesielt romansar. Han skreiv òg ei handbok i klaverteknikk (1866) og ei erindringsbok om John Field.