All Tomorrow's Parties Singel av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground & Nico | ||
B-side |
«I'll Be Your Mirror» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juli 1966 (singel) Mars 1967 (album) | |
Innspelt | April 1966 i Scepter Studios i New York City | |
Sjanger | Eksperimentell rock, kunstrock, psykedelisk pop | |
Lengd | 2:49 (singel) 6:00 (album) | |
Selskap | Verve Records (VK10427) | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
Produsent | Andy Warhol | |
The Velvet Underground-kronologi | ||
All Tomorrow's Parties | «Sunday Morning» (1966)
|
«All Tomorrow's Parties» er ein song av The Velvet Underground, skriven av Lou Reed og gjeven ut på debutalbumet til gruppa i 1967, The Velvet Underground & Nico.
I følgje Reed kom inspirasjonen til songen frå då Reed observerte Andy Warhol-klikken og han skildra forskjellige folk ved the Factory på denne tida. «Eg såg Andy. Eg såg Andy observere alle andre. Eg kunne høyre folk sei dei mest fantastiske ting, dei sprøaste ting, dei morosamaste ting, dei tristaste ting».[1] Songen vart favoritten til Andy Warhol av The Velvet Underground.[2]
Ei forkorta utgåve av songen vart gjeven ut som singel i juli 1966 med «I'll Be Your Mirror» som b-side. Songen er om lag halvparten så lang som albumversjonen. Songen nådde ikkje singellista.
Songen vart spelt inn i Scepter Studios i New York i april 1966. Han har eit pianomotiv spelt av John Cale, hovudsakleg basert på tonegrupper. Det var ein av dei første popsongane som nytta handsama piano.[3]
Nico syng solovokal.
Både Nico og Lou Reed har spelt inn soloversjonar av songen. Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Jun Togawa, Apoptygma Berzerk, Ass Ponys, Buffalo Tom, Japan, Bauhaus, Jeff Buckley, Icehouse, Los Tres, The Method Actors, Nick Cave and the Bad Seeds[4], the Oysterband, Tom Robinson, Kikka Sirén, Simple Minds, Siouxsie and the Banshees, Rasputina, Kendra Smith, Bryan Ferry, June Tabor, Johnette Napolitano, Iron and Wine, Deerhoof, Hole, The Music Tapes, Ordo Rosarius Equilibrio og Black Tape for a Blue Girl.