Allium aflatunense | |
Allium aflatunense | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium |
Art: | A. aflatunense |
Vitskapleg namn | |
Allium aflatunense |
Allium aflatunense er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien som høyrer naturleg heime i Sentral-Asia. Arten er ei vanleg hageplante.[1]
A. aflatunense er ei 80-90 cm høg fleirårig laukplante med basale, smale løkkeforma blad, og hole, blomsterstandstenglar med svake ribber.[1] Blomsterhovuda er tette, kuleforma skjermar, om lag 10 cm i diameter, danna av mange stjerneforma purpurlilla blomstrar.[1] Blomstringa er i mai og juni, medan frøa mognar i august. Ho blir vanlegvis seld som lauk.
A. aflatunense er ofte forveksla med A. hollandicum,[2] og det syner seg at dei plantene som har gått under namnet kirgislauk i Noreg, skal reknast til A. hollandicum.[3][4]
A. aflatunense er generelt ei hardfør plante (USDA-sone 4–8). Planta er eigna som skorne blomstrar. Ho trivst best i alkalisk jord, men ho kan òg klare seg i dårleg jord. Likeeins kan ho klare seg i delvis skugge, men trivst best i fullt solljos.