Alma | |||
עַלְמָה | |||
moshav | |||
Alma, 2012
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Merom HaGalil | ||
Koordinatar | 33°3′4.32″N 35°29′59.63″E / 33.0512000°N 35.4998972°E | ||
Folketal | 622 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1. september 1949 | ||
• Grunnlagd av | Libyske jødar | ||
Tilhøyrsle | HaPoel HaMizrahi | ||
![]() Alma i Israel 33°03′04″N 35°30′00″E / 33.0512°N 35.499897222222°E | |||
Wikimedia Commons: Alma, Israel |
Alma (עַלְמָה) er ein religiøs, jødisk moshav i Øvre Galilea nord i Israel. Han høyrer til Merom HaGalil regionale kommune.
Alma vart grunnlagd den 1. september 1949 av immigrantar til Israel frå Libya. I 1953 kom ei gruppe jødiske konvertittar, kjend som jødane frå San Nicandro, frå Italia. Dei flytta seinare frå Alma til nærliggande moshavar. Etter italienarane drog, kom cochin-jødar frå India.[2]
I romartida, då området låg i provinsen Judaea, låg det ein jødisk by på denne staden. Namnet Alma er først nemnt i krossfarartida. Det jødiske samfunnet eksisterte fram til 1600-talet.[2] Benjamin av Tudela vitja staden og då budde det 50 jødiske familiar i Alma.[3]
Nær gravplassen til moshaven ligg ruinane av det som var ei synagoge, kanskje frå 200-talet. Ruinane er aldri blitt skikkelig undersøkt eller grave ut. I nærleiken ligg òg fleire graver, mellom anna grava til Eleazar ben Arach, og det som tradisjonelt vert rekna som grava til Eliezer ben Hurcanus.[2]
Den nærliggande palestinske landsbyen Alma, som eig landområdet som moshaven Alma ligg på, vart øydelagd under den arabisk-israelske krigen 1948.[2]
Alma ligg kring 600 meter over havet, i eit område kalla Almahøgdene, nær småelva Dishon. Dishon naturreservat ligg like ved landsbyen, og det same gjer den tsjerkessiske landsbyen Rehaniya.