Alvastra er ein turiststad og gammalt kulturområde i Östergötlands län, ved sørfoten av Omberg ved Vättern i Sverige. Staden er mest kjend cisterciensarklosteret , Alvastra kloster, som er det eldste, rikaste og fornemste klosteret i i Sverige. Klosteret vart grunnlagd i 1145 av Sverkar og erkebiskop Eskil saman med franske munkar. Klostret var rikt og mektig til reformasjonen, no ei interessant ruin med kongegrav (den sverkerske ætta). Sidan slutten av 1940-åra har klosterruinane vore gjenstand for arkeologiske undersøkingar. I Alvastra ligg òg Alvastra pælebygningslandsby, ein konstruksjon i tre frå yngre steinalder, liggjande ca 1 km nordaust for klostret.