Anderl Molterer | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 8. oktober 1931 Kitbuhel |
Død |
24. oktober 2023 (92 år) |
Yrke | alpinist |
Andreas Molterer, kjend som Anderl Molterer, (8. oktober 1931–24. oktober 2023) var ein austerriksk skirennar frå Kitzbühel som vann ein sølv- og ein bronsemedalje under Vinter-OL 1956, samt ein VM-bronse i 1954.
Molterer deltok i VM i alpine greiner 1954 og tok ein bronsemedalje i storslalåm, i slalåm vart han nummer fem. Norske Stein Eriksen vann begge øvingane. To år seinare fekk Molterer sølvmedaljen i storslalåm då dei olympiske vinterleikane 1956 vart avvikla i Cortina d'Ampezzo, landsmannen Toni Sailer tok gullmedaljen. Nokre dagar seinare kom Molterer på bronseplass i utforrennet, på ny vann Sailer ein gullmedalje.
Ved VM i alpine greiner 1958 i Bad Gastein i heimlandet vart Molterer utan medalje, trass i jamne og gode prestasjonar. Han vart nummer fem i utfor, seks i storslalåm og åtte i slalåm, noko som gav han femteplassen i kombinasjonen. Under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley var ein 12. plass i storslalåm hans beste prestasjon.
Deretter dreiv Molterer nokre sesongar som profesjonell alpinist i USA, der han også var skilærar. Sommaren 1966 grunnla han saman med Pepi Gramshammer og Erich Sailer eit turistsenter ved Red Lodge i delstaten Montana. I 1970 opna han ei sportsforretning i Aspen i delstaten Colorado som han dreiv i 17 år.