Anders Bratholm | |||
Fødd | 7. januar 1920 Christiania | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juli 2010 Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | strafferett | ||
Yrke | jusprofessor, journalist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Anders Elias Bratholm (7. januar 1920–8. juli 2010) var ein norsk jurist.
Bratholm var fødd utanfor ekteskap i Oslo, og vart bortadoptert til eit ektepar frå Borgund (i dagens Ålesund). Familien budde i Borgund nokre år, før han flytta til Jeløya i Moss.
Bratholm var redaktør av Dagningen frå 1945 til 1947. Han vart Dr.juris i 1958 og var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1960 til 1990.
Anders Bratholm har vore formann i Straffelovkommisjonen og medlem av fleire offentlege utval. Han var redaktør av det juridiske tidsskriftet Lov og Rett frå 1962 til 1990.