Anders Giæver | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. august 1961 (63 år) Ås kommune |
Yrke | journalist, kommentator, forfattar, podkastvert |
Ektefelle | Ales Ree |
Anders Giæver på Commons |
Anders Giæver (fødd 27. august 1961 i Oslo) er ein norsk journalist. Han er kjend som mediekommentator og avdelingsleiar i kommentaravdelinga i Verdens Gang.
Giæver har vore kulturredaktør i Dagsavisen, og har òg jobba i fleire andre norske aviser. Frå 2008 til 2011 var han USA-korrespondent for VG, og har etter at han kom attende til Noreg stått sentralt i dekninga til avisa av terroråtaka 22. juli 2011.
I 2006 var han jurymedlem ved utdelinga av Humanistisk kulturpris. Har sidan 2005 vore med vekentleg i Frokost-TV som kommentator på nyhendestoff saman med Hege Duckert.
I 2006 var han fagdommar i Kvitt eller Dobbelt på NRK1 for Andreas Rønningen, som gjekk opp i emnet The Simpsons. Han er barnebarn av den avlidne kringkastingssjefen og legen Hans Jacob Ustvedt.