Anders Nicolai Kiær | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. september 1838 Drammen kommune |
Død |
16. april 1919 (80 år) |
Yrke | statistikar |
Språk | dansk, norsk |
Medlem av | Kungliga Vetenskapsakademien |
Far | Niels Andersen Kiær |
Anders Nicolai Kiær på Commons |
Anders Nicolai Kiær (fødd 15. september 1838 i Drammen, død 16. april 1919) var ein norsk statistikar. Han var direktør ved det statistiske Centralbyraa 1876–1913.
Kiær vart cand. jur. i 1860, og vart året etter tilsett ved Indredepartementet sitt statistiske kontor (tabellkontoret). Han vart sjefen til kontoret i 1867. Då det vart utskilt som eit eige institutt, det statistiske centralbyraa, vart han den første direktøren her, og sat i stillinga heilt til 1913.
Kiær var den første sjefen i det statistiske sentralbyrået, og under leiinga hans voks statistikken om Noreg til å omfatte alle sider av det økonomiske og sosiale livet i staten. I dette arbeidet samarbeidde han i mange år med Jacob Mohn.
Kiær var òg interessert i internasjonalt statistisk arbeid, og deltok på ei rekkje internasjonale statistikarmøte. På oppfordring av den internasjonale kongressen i Haag i 1869 skreiv han eit verk om internasjonal skipsfart. I 1885 deltok han i stiftinga av Institut international de Statistique, og tok initiativ til møtet mellom sjefane for dei skandinaviske landa sine statistiske byrå i 1889, som førte til eit omfattande samarbeid mellom desse.
I Noreg deltok han i skipinga av Den statsøkonomiske forening i 1883, og redigerte tidsskrifta til samskipnaden Statsøkonomisk Tidsskrift i ei årrekkje. Han deltok òg i skipinga av Foreningen til søndagens rette brug og av Christiania forening til fremme af sædelighed. Han skreiv ei rekkje verk med statistisk innhald, og bidrog med bindet om Smaalenenes amt i serien Norges land og folk.