André er ei fransk form av mannsnamnet Andreas, som er avøleidd av det greske ordet andrós, genitivforma av anér, «mann». Aksenteiknet vert i norsk plassert på ymse måtar, nokre skriv «Andrè», nokre få «Andre'» og atter andre berre «Andre».[1]
André har i Noreg namnedag 3. juli.
Namnet André kom i vanleg bruk i Noreg på slutten av 1950-talet, og populariteten nådde ein topp midt i 1980-åra.