Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen

Fødd25. mai 1981 (43 år)
Hamar kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Høgskolen i Oslo
Hamar katedralskole
Alle verv

Anette Trettebergstuen (fødd 25. mai 1981 i Hamar i Hedmark) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005, og vart på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2009 vald inn i sentralstyret til partiet. I 2019 vart ho valt til leiar i Arbeiderpartiets kvinnenettverk.[1] Ho var kultur- og likestillingsminister frå 2021 til 2023.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Trettebergstuen voks opp på Ridabu i Hamar, og har bakgrunn frå AUF i Hedmark, der ho var leiar 2002–2004. Ho har studert statsvitskap, psykologi og public management ved Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Hedmark og Universitetet i Oslo.

På fritida jobba Trettebergstuen som disc jockey på forskjellige utestader i Oslo.

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Ho sat i kommunestyret og formannskapet i Hamar frå 1999 til ho vart vald inn på Stortinget i 2005. Trettebergstuen vann 3. plassen på stortingsvalslista til Hedmark Arbeidarparti etter kampvotering mot sitjande stortingsrepresentant Eirin Faldet. Trettebergstuen, som var AUF sin kandidat, vann voteringa med 71 mot 70 stemmer. Trettebergstuen vart vald på nytt til Stortinget i 2009. Frå 2005 til 2009 sat ho i Utanrikskomiteen og vart etter valet i 2009 Arbeids og Sosialpolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet og nestleiar i Arbeids og Sosialkomiteen. Trettebergstuen sit i gruppestyre til Arbeidarpartiet i Stortingsgruppa.

Trettebergstuen har vore fylkesleiar, sentralstyremedlem og politisk nestleiar i Europeisk Ungdom, og arbeidde som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet med saksfelt justis, samferdsle, energi og miljø.

Trettebergstuen er nestleiar i Hedmark Arbeidarparti. Frå 2004 til 2006 var ho også sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking. I perioden 2005–2006 sat ho i styret i Homofile og lesbiske sosialdemokratar. Sidan 2007 har Trettebergstuen vore sentralstyremedlem i Europarørsla. Trettebergstuen sit også som den yngste i sentralstyret til Arbeidarpartiet, der ho vart vald inn i 2009.

Trettebergstuen var kultur- og likestillingsminister i Regjeringa Støre frå 2021 til 2023. Den 23. juni 2023 kunngjorde ho sin avgang som statsråd etter fleire alvorlege brot på habilitetsreglane. Trettebergstuen vart etterfølgt av Lubna Jaffery den 28. juni 2023.[2][3]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Nettstaden Gaysir kåra i 2009 og i 2010 Trettebergstuen til «Noregs mektigaste lesbiske kvinne».[4] I 2008 kom ho på andreplass i same kåring, bak sjefredaktøren i Dagbladet, Anne Aasheim.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Trettebergstuen ble valgt». nrk.no. Henta 7. mars 2019. 
  2. «Trettebergstuen går av som kultur- og likestillingsminister» (på norsk bokmål). Kultur- og likestillingsdepartementet. Henta 28. juni 2023. 
  3. Kirsti Haga Honningsøy; Ida Kristin Rønning; Alf Simensen; Øzgur Tufan; Kjersti Gulbrandsen Lien & Peter Svaar. «Anette Trettebergstuen går av som kulturminister» (på norsk bokmål). NRK. Henta 28. juni 2023. 
  4. «Lesbetoppen 2010». Gaysir.no. 7. januar 2010. Henta 13. juni 2010. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Anette Trettebergstuen