Anja Hammerseng-Edin | |
Fødenamn | Anja Marie Edin |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. februar 1983 (41 år) Porsgrunn |
Idrett | handball |
Anja Marie Hammerseng-Edin[1] (fødd Anja Marie Edin, 5. februar 1983) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Porsgrunn som vann EM-sølv 2012 og VM-bronse 2009 med Noregs landslag. Ho var rykkromspelar, ofte i rolla som spelstyrar.
Edin spelte fram til 2001 på Herøya, eit lag ho hjelpte til opprykk til nivå 2 i seriesystemet. Sjølv melde ho overgang til Gjerpen IF i eliteserien. Allereie sommaren 2002 skifte ho over til Sola HK, ein klubb ho var aktiv i fram til 2004. Perioden 2004-08 var ho atter Gjerpen-spelar. Den neste fireårsperioden spelte ho på Storhamar IL. Til sist tente ho Larvik Håndballklubb, det dominerande kvinnelaget i norsk handball i fem år. Gjennom dei fem sesongane frå 2012 til 17 var ho med om å vinne samtlege cup- og seriemeisterskap.
Edin deltok i to landskampar våren 2006. Etter eit opphald på over tre år, spelte ho 57 landskampar i åra 2009-13. I denne perioden var ho i med troppa som vann bronsefinalen under VM 2009 i Kina. Tre år seinare var ein viktig spelar i det norske mannskapet som tok seg til finalen i europameisterskapen 2012, ho skåra fire mål i finalen mot Montenegro, ein kamp som enda med tap 31–34. I sin siste internasjonale meisterskap, VM 2013, bidrog ho heller lite og fekk ikkje fleire landskampar. På 59 kampar med flagget på brystet skåra ho 143 mål.
Anja Hammerseng-Edin gifta seg med Gro Hammerseng-Edin i 2013.[1]