Bilete og namnetrekket til den amerikanske forfattaren og sosietetskvinna Anne Lynch Botta .
Anne er eit kvinnenamn , opphavleg ei fransk utgåve av Anna . Namnet kjem frå det hebraiske ordet channah , som tyder 'gunst' eller 'nåde '. Namnet har lenge vore utbreidd i ei rekkje kristne land, mellom anna i Noreg. Anne kan uttalast med to stavingar, noko som er vanleg på norsk ([an:ɘ]), eller med ein som i Ann , noko ein finn i fransk ([an]) og engelsk ([an] eller [æn]).
Anne har namnedag den 26. juli , saman med Anna og Ane . Andre variantar av namnet er diminutivsformene Annette , Annie , Anine og Anja . Det er vanleg å bruka Anne i namnesamansetjingar , som Annelise eller Anne Marie . Ein finn det også sist i namn, som Marianne og Karianne .
Anne har vore brukt av fleire helgenar og kongelege. Den best kjende bruken gjeld Anna av Jerusalem , som etter tradisjonen var mor til Jomfru Maria . På engelsk og fransk er ho kjend som Saint(e) Anne, og har ei rekkje kyrkjer vigd til seg.
Anne var klart det mest brukte førenamnet for kvinner i Noreg på 1900-talet, med 78 200 brukarar mot 44 600 på andreplassen (Inger ). På 1900-talet var det mest brukt i siste halvdel av 1950-talet, då over 5 % av nyfødde jenter kunne få namnet. Også på byrjinga av 2000-talet var Anne det vanlegaste kvinnenamnet. I 2009 var det 64 133 norske kvinner som heitte Anne.
Dronning Anne av Storbritannia .
Anne Pedersdotter (d. 1590), norsk prestekone dømd for trolldom
Anne Hutchinson (1591–1643), kolonigrunnleggjar
Anne Bradstreet (1612–1672), britisk diktar
Anne Dacier (1654–1720), fransk omsetjar
Anne Bonny (1697– ca 1720), irsk sjørøvar
Anne Catherine Hoof Green (1720–1775), amerikansk grafikar
Anne Barnard (1750–1825), britisk forfattar
Anne Parrish (1760–1800), amerikansk filantrop
Anne Newport Royall (1769–1854), amerikansk journalist
Anne Haavie (1809-1888), norsk komponist
Anne Brontë (1820–1849), britisk diktar
Anne Grimdalen (1899–1961), norsk bilethoggar
Anne Revere (1903-1990), amerikansk skodespelar
Anne-Marie Ørbeck (1911-1996), norsk komponist
Anne Brown (1912-2009), norsk-amerikansk operasongar
Anne Hébert (1916–1999), fransk-kanadisk forfattar
Anne Stine Ingstad (1918–1997), norsk arkeolog
Anne-Cath. Vestly (1920—2008), norsk forfattar og skodespelar
Anne Baxter (1923–1985)|| amerikansk skodespelar
Anne Johanne Kvale (f. 1924), norsk journalist og politikar
Anne Gullestad (1925-1998), norsk teatersjef
Anne Sexton (1928–1974), amerikansk diktar
Anne Frank (1929–1945), tysk-jødisk jente kjend for si dagbok frå Amsterdam under okkupasjonen
Anne Bancroft (1931–2005), amerikansk skodespelar
Anne Vik (f. 1933), norsk politikar (Sp)
Anne Roiphe (f. 1935), amerikansk forfattar
Anne Karin Elstad (f. 1938), norsk forfattar
Anne Moody (f. 1940), amerikansk aktivist
Anne Rice (f. 1941), amerikansk forfattar kjent for sine vampyr-bøker
Anne Tyler (f. 1941), amerikansk forfattar
Anne Marie Ottersen (f. 1945), norsk skodespelar
Anne Marit Jacobsen (f. 1946), norsk skodespelar
Anne-Grete Strøm-Erichsen (f. 1949), norsk forsvarsminister
Anne Enger Lahnstein (f. 1949), norsk politikar
Anne Grosvold (f. 1950), norsk journalist og programleiar i NRK
Anne Margrethe Larsen (f. 1950), norsk politikar (V)
Anne-Karine Strøm (f. 1951), norsk songar og Eurovision-deltakar
Anne-Lise Bakken (f. 1952), norsk stortingspolitikar
Anne Mulcahy (f. 1952), amerikansk forretningskvinne
Anne Aanerud (f. 1952), norsk kunstnar
Anne-Marie David (f. 1952), fransk Eurovision-vinnar
Anne Karin Torheim (f. 1953), norsk forfattar
Anne Bøe (f. 1956), norsk lyrikar
Anne Kristin Sydnes (f. 1956), norsk statsråd (Ap)
Skiskyttaren Anne Ingstadbjørg Foto: Jarle Vines
Anne Grete Preus (1957-2019), norsk musikar
Anne B. Ragde (f. 1957), norsk forfattar
Anne Sweeney (f. 1957), amerikansk forretningskvinne
Anne Krigsvoll (f. 1957), norsk skodespelar
Anne Holt (f. 1958), norsk forfattar og jurist
Anne Lise Ryel (f. 1958), norsk jurist og likestillingsombod
Anne Eriksen (f. 1958), norsk fokloristikkprofessor
Anne Lauvergeon (f. 1959), fransk forretningskvinne, leiar i kjernekraftfirmaet Areva
Anne-Karin Furunes (f. 1961), norsk kunstnar
Anne Aasheim (f. 1962), norsk journalist og redaktør
Anne-Sophie Mutter (f. 1963), tysk fiolinist
Anne Jahren (f. 1963), norsk langrennsløpar
Anne Applebaum (f. 1964), amerikansk journalist
Anne Kathrine Slungård (f. 1964), norsk politikar
Anne T. Wøien (f. 1965), norsk politikar (Sp)
Anne Elvebakk (f. 1966), norsk skiskyttar
Anne Ryg (f. 1967), norsk skodespelar
Anne Marit Bjørnflaten (f. 1969), norsk politikar (Ap)
Anne-Kat. Hærland (f. 1972), norsk komikar
Anne Marit Godal (f. 1972), norsk statsvitar
Anne Margrethe Hausken (f. 1976), norsk orienteringsløpar
Anne Ingstadbjørg (f. 1979), norsk skiskyttar
Anne Solsvik (f. 1981), leiar av Unge Venstre
Anne Rimmen (f. 1981), norsk programleiar
Anne Hathaway (f. 1982), amerikansk skodespelar kjent for rolla som Mia i Prinsesse på prøve
Anne Knutsdotter i visa «Eg heiter Anne Knutsdotter» dikta av Claus Pavels Riis i 1869.
Fante-Anne er hovudpersonen i den norske filmen av same namn fra 1920
Anne Shirley er hovudperson i bøkene om «Anne fra Bjørkely» som òg er blitt filmatiserte.