Anne-Lise Bakken | |||
| |||
Fødd | 30. mars 1952 (72 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Anne-Lise Bakken (fødd 30. mars 1952 i Oslo) er ein norsk politikar for Ap. I perioden 1977 til 1989 representerte Bakken Hedmark på Stortinget, med unntak av ein periode frå 1986 til 1988 då ho var statsråd i Gro Harlem Brundtland si andre regjering. Ho måtte gå som statsråd etter å ha freista å skulda på embetsverket fordi ho hadde gjeve Stortinget ufullstendig informasjon i ei sak. Generelt vert dette rekna for ei politisk synd, sjølv om det skulle vera sant, sidan statsråden er ansvarleg ovafor Stortinget.
I perioden 1977-1981 var Bakken òg nestleiar i Arbeidaranes Ungdomsfylking. Ho var Hamar arbeidarpartis ordførarkandidat ved kommune- og fylkestingvalet i 2007.