Anne Lindmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. april 1970 (54 år) Basel |
Yrke | programleiar, radioprogramleiar, journalist, podkastvert |
Ektefelle | Hasse Lindmo |
Prisar | TV-prisen, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder |
Anne Lindmo på Commons |
Anne Sandvik Lindmo (fødd 3. april 1970) er ein norsk programleiar som er mest kjend for talkshowa Store studio og Lindmo på NRK. Lindmo har vunne fem gullruteprisar, og er ein av dei mestvinnande personane av prisen.[1]
Lindmo er utdanna ved Universitetet i Oslo med faga fransk, sosiologi og idéhistorie, og har i tillegg mastergrad i radio frå University of London. Ho er prestedotter, fødd i Basel i Sveits og oppvaksen i Bærum og på Toten.
Lindmo starta karrieren i Radio Nova og har sidan vore sentral i NRK-radioprogramma Først på, Opptur, XL, Anne Panne og Mamarazzi.[2] Ho har jobba i NRK sidan 1994, fyrst med radio og seinare med TV. På slutten av 1990-åra gjekk ho gradvis over til TV og leia blant anna programma Underholdningsavdelingen og Amandaprisutdelinga i 1997. Lindmo var programleiar for Store studio frå oppstarten av programmet i 2002 til den siste sendinga av programmet desember 2009, med ein pause i 2005. Ho leia programmet saman med blant andre Per Sundnes. I 2011 var ho medprogramleiar i Sommeråpent, og i 2011 og 2012 leia ho spellemannprisutdelinga. Frå februar 2012 til april 2024 leia ho sitt eige talkshow, Lindmo, på NRK1.[3]
Lindmo er gift med Hasse Lindmo. Ho er kusina til NRK-kollegaen Ingrid Gjessing Linhave.