Annette Skotvoll | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. september 1968 (56 år) Trondheim |
Yrke | handballspelar |
Høgd | 176 centimeter |
Annette Skotvoll (fødd 1. september 1968) er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Trondheim. I tida 1988-96 vann ho to OL-sølv, EM-sølv, VM-bronse og EM-bronse. Målvakta deltok i 250 landskampar og skåret to mål for Noreg.
Skotvoll debuterte på landslaget i 1987. Frå Sommar-OL 1988 i Seoul til Sommar-OL 1992 i Barcelona var ho jamnt fyrste-målvakt for Noreg, og ho var med å vinne sølvmedaljar i begge OL-turneringane. Etter Cecilie Leganger kom inn på det norske landslaget som målvakt i 1993, fungerte Skotvoll meir eller mindre som andre-målvakt. Gjennom åra 1993 til 1996 vann ho VM-bronse på norsk heimebane i 1993, EM-bronse i 1994 og sølvmedalje under EM 1996 i Danmark, der ho ikkje makta hindre at vertsnasjonen vann finalen med 25 mot 23 mål.
Skotvoll spelte i mange år på Sjetne Idrettslag, men då det laget rykte ned frå toppserien melde ho overgang til byrivalen Byåsen Idrettslag.