Anwaar ul Haq Kakar | |||
| |||
Fødd | 1971 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Pakistan | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Anwaar ul Haq Kakar (fødd 1971[1][2]) er ein pakistansk politikar som frå 14. august 2023 er fungerande statsminister i Pakistan.[3] Han etterfølgde Shehbaz Sharif. Kakar var talsmann for delstatsregjeringa i Balutsjistan frå 2015 til 2017.
Kakar blei vald inn i senatet som uavhengig kandidat frå Balutsjistan ved valet i 2018.[4][5] Han tok sete 12. mars 2018.[6]
Nokre veker seinare var Kakar blant grunnleggjarane av Balochistan Awami Party, som vert rekna som sosialdemokratisk og nasjonalistisk.[7]
Etter at statsminister Shehbaz Sharif trekte seg frå stillinga si 9. august 2023 blei Kakar nominert til fungerande statsminister. Han blei utnemnd til stillinga av president Arif Alvi 14. august 2023 etter at utgangen hans frå senatet var akseptert av senatformannen Sadiq Sanjrani.[8][9]