«Any Day Now» | |
Låtskrivar | Burt Bacharach, Bob Hilliard |
---|---|
Skriven | 1962 |
Innspelt av | Chuck Jackson, Alan Price, Elvis Presley, Ronnie Milsap |
«Any Day Now» er ein popsong skriven av Burt Bacharach og Bob Hilliard i 1962. Han har vorte spelt inn av mange artistar gjennom åra, som Chuck Jackson i 1962, Alan Price i 1965, Elvis Presley i 1969, og Ronnie Milsap i 1982.
Jackson, ein R&B-songar fødd i Sør-Carolina i 1937, spelte inn den første versjonen av songen som vart ein hit på Billboard Hot 100. Han nådde 23. plassen i 1962 med tittelen «Any Day Now (My Wild Beautiful Bird)» og låg seks veker inne på Topp 40. Versjonen til Jackson vart gjeven ut på albumet hans, Any Day Now. Songen vart den største hitten til Jackson og nådde òg låg òg tre veker på andreplassen på Hot Black Sides-lista.[1]
Presley spelte inn ein versjon av «Any Day Now» den 21. februar 1969 i American Sound studios i Memphis, Tennessee. Denne versjonen vart gjeven ut på albumet From Elvis in Memphis. Songen vart ikkje gjeven ut som singel, men finst på B-sida til hitten «In the Ghetto», frå same albumet. Denne singelen nådde tredjeplassen i USA.
Any Day Now Singel av Ronnie Milsap frå albumet Inside | ||
Utgjeve | April 1982 | |
Innspelt | 1981 | |
Sjanger | Country, pop | |
Lengd | 3:42 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Burt Bacharach | |
Låtskrivar(ar) | Burt Bacharach og Bob Hilliard | |
---|---|---|
Produsent | Tom Collins og Ronnie Milsap | |
Ronnie Milsap-kronologi | ||
«I Wouldn't Have Missed It for the World» (1981) |
Any Day Now | «He Got You» (1982)
|
Milsap, ein populær country/popartist, spelt inn den mest kjende versjonen av songen. Han var den første singelen frå albumet Inside i 1982, og nådde 14. plass på Billboard Hot 100-lista og låg ni veker på Topp 40. I tillegg gjekk songen til topps på både Billboard Hot Country Singles-lista (ei veke) og Hot Adult Contemporary Singles-lista (fem veker). Han nådde òg førsteplassen på dei tilsvarande kanadiske listene.
Produsenten til Milsap, Tom Collins, oppfordra Milsap til å gjere songen annleis enn originalen frå Chuck Jackson. Milsap spelte han derfor i ein annan toneart og song han meir varsamt.[2]
Liste (1982) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 14 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 1 |
Kanadiske RPM Country Tracks | 1 |
Australian Kent Music Report[3] | 96 |
Kanadiske RPM Adult Contemporary Tracks[4] | 1 |
1982-lister | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot Country Singles[5] | 37 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[5] | 1 |
U.S. Billboard Hot 100[5] | 83 |
U.S. Cashbox Top 100[6] | 95 |