Aonach Eagach

Aonach Eagach - Sgor nam Fiannaidh
Skårhøglandet - Klippa til Fian-krigarane
Munro, Marilyn
Aonach Eagach oppfor A82, oppover Glen Coe
Land  Skottland
Topp Glen Coe
 •  høgd 967 moh.
 •  Primærfaktor 622 m
Kart
Aonach Eagach
56°40′46″N 5°00′45″W / 56.679497°N 5.012554°W / 56.679497; -5.012554
Wikimedia Commons: Aonach Eagach

Aonach Eagach er eit fjell nord i Glen Coe i Dei skotske høglanda med to munrotoppar. Heile ryggen strekkjer seg 10 km frå Pap of Glencoe i vest til Devil's Staircase i aust. Den sentrale delen, som er kring 2 km lang, er særs berglendt. Turen over ryggen vert rekna som ein av dei vanskelegaste i Skottland, i lag med Liathach og An Teallach på vinterstid.

Devil's Staircase

[endre | endre wikiteksten]
Sørover frå toppen av Devil's Staircase mot Buachaille Etive Mòr, med Creise og Meall a' Bhuiridh bortafor

Ein sti kalla Devil's Staircase kryssa fjella om lag 6 km aust for Meall Dearg.