Après Studioalbum av Iggy Pop | ||
Språk | fransk, engelsk | |
Utgjeve | 9. mai 2012 | |
Innspelt | Februar 2010 – jui 2011 | |
Sjanger | ||
Lengd | 28:33 | |
Selskap | Thousand Mile Inc | |
Produsent | Hal Cragin | |
Iggy Pop-kronologi | ||
---|---|---|
Préliminaires (2009) |
Après | Post Pop Depression (2016)
|
Après er det 17. studioalbumet til den amerikanske rockesongaren Iggy Pop.
Heile albumet består av coverversjonar av kjende songar, fleire av dei på fransk,[2] og det kom ut 9. mai 2012 på Thousand Mile Inc[3] etter at albumet vart avvist av Virgin EMI Records. Pop sa at selskapet hans «føretrekte at eg skulle spele inn eit rockealbum med populære pønkarar» og at «Dei tenkte at dei ikkje kom til å tene pengar på det, og at fansen ikkje ville like det»[4]
Då Bill Flanagan spurte Bob Dylan om han hadde høyrt nokre gode plater idet siste, svarte han Après.[5]
Plateomslaget refererer til rollefiguren La Conscience spelt av Iggy Pop i den franske filmen L'Étoile du jour av Sophie Blondy.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Original artist | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Et si tu n'existais pas» | Vito Pallavicini, Toto Cutugno, Pasquale Losito, Pierre Delanoë, Claude Lemesie | Joe Dassin | 3:36 |
2. | «La Javanaise» | Serge Gainsbourg | Serge Gainsbourg | 2:33 |
3. | «Everybody's Talkin'» | Fred Neil | Fred Neil | 2:51 |
4. | «I'm Going Away Smiling» | Yoko Ono | Yoko Ono | 2:40 |
5. | «La Vie en rose» | Louis Guglielmi, Édith Piaf | Édith Piaf | 2:09 |
6. | «Les Passantes» | Antoine Pol, Georges Brassens | Georges Brassens | 4:12 |
7. | «Syracuse» | Bernard Dimey | Henri Salvador | 2:06 |
8. | «What Is This Thing Called Love?» | Cole Porter | Cole Porter | 2:51 |
9. | «Michelle» | John Lennon, Paul McCartney | The Beatles | 2:45 |
10. | «Only the Lonely» | Sammy Cahn, Jimmy Van Heusen | Frank Sinatra | 2:51 |