Arbel | |||
אַרְבֵּל | |||
landsby | |||
Ruinar av ei gammal synagoge.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Nedre Galilea regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°48′44″N 35°28′57″E / 32.81222°N 35.48250°E | ||
Folketal | 571 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
• Grunnlagd av | Demobiliserte soldatar | ||
![]() Arbel 32°48′44″N 35°28′57″E / 32.812222222222°N 35.4825°E | |||
Wikimedia Commons: Arbel (moshav) |
Arbel (hebraisk אַרְבֵּל) er ein moshav nord i Israel. Han ligg på Har Arbel ved Genesaretsjøen nær Tiberias og høyrer til Nedre Galilea regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 571.[1]
Arbel vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte soldatar på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Hittin. Innbyggjarane der flykta eller vart drivne bort under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Staden var opphavleg ein moshav shitufi (som nytta den økonomiske strukturen til ein kibbutz, men den sosiale strukturen til ein moshav), men vart ein moshav ovdim (ei fellesbusetjing) i 1959.
Staden var busett alt under tida til Det første tempelet som Beit Arbel (Hosea 10:14), truleg på ein tell nord for dagens moshav.[treng kjelde] Ein har funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.[3]
På tida til Det andre tempelet var landsbyen Arbel heimstaden til vismannen Nittai av Arbela, som i følgje Mishnah sa: «Hald deg borte frå dårlege grannar, ikkje ver med dei vonde, og ikkje sørg over gjengjelding» (Avot 1:7).[4] I følgje Josefus var Arbel òg åstad for eit slag med styrkane til Herodes den store und erobringa av landområdet frå Antigonus II Mattathias.[5]
I 1047 evt. var Nasir Khusraw på pilegrimsreise gjennom Palestina, og skreiv at han kom til landsbyen Irbil, etter Hittin, på veg til Tabariyyah. Han skreiv vidare at «på sørsida av [Irbil] stig eit fjell, og på fjellet er det ei inngjerding, med fire graver - gravene til sønene til Jakob - som var brør av Josef. Og vidare kom eg til ein ås, og under åsen låg ei grotte, som var grava til mor til Moses.»[6]
I 1517 vart landsbyen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod Irbid oppført i osmanske skattelister som ein del av Tabariyya nahiya under Safad liwa' (distrikt). Han hadde to hushaldningar, begge muslimar. Dei betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, bomull, geiter og/eller bikubar, olivenoljepresse og/eller ei presse for druesirup.[7]
I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin ruinane,[8] og i 1881 omtalte Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine «Kh. Irbid[9] som «viktige ruinar» med «spor av ein arabisk landsby».[10]
I 1948 høyrte landområdet til den palestinske landsbyen Hittin, som vart avfolka i den arabisk-israelske krigen i 1948.[2]
Arbel er kjend for ruinane av ei gammal synagoge som ligg her. Det er ein av dei eldste synagogene i verda og står midt i ruinane av den antikke jødiske landsbyen, på vestsida av moshaven. Døra til synagogen står framleis, og vart skoren ut i ein massiv kalkstein.[11]