Arbin | |||
عربين | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Markaz Rif Dimashq | ||
Nahiya | Arbin | ||
Koordinatar | 33°32′19″N 36°21′58″E / 33.538535°N 36.366068°E | ||
Folketal | 44 934 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
Arbin i Syria 33°32′13″N 36°21′58″E / 33.536944444444°N 36.366111111111°E | |||
Kart som viser Arbin i Syria.
| |||
Wikimedia Commons: Arbin, Syria |
Arbin (arabisk عربين, òg skrive Irbin) er ein by sør i Syria i Markaz Rif Dimashq-distriktet i Rif Dimashq guvernement, like aust for nabolaget Jobar i Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Batna og Saqba i sør, Zamalka og Ayn Tirma i sørvest, og Douma i nord. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS) hadde Arbin eit folketal på 44 934 i 2004.[1] Arbin er ein av plassane ein trur kan ha vore den antikke byen Riblah.
Under den syriske borgarkrigen tok Den frie syriske armeen (FSA) kontroll over fleire forstader nord for hovudstaden Damaskus, inkludert Arbin den 2. juli 2012. FSA-soldatar skal openlyst ha patruljert gatene i forstadane og kampane skjedde mindre enn 10 km frå sentrum av sjølve Damaskus.[2] I november 2012 var det langvarige kampar i byen etter mengda opprørarar auka i Rif Dimashq. Det vart rapportert at opprørarar hadde kontroll over staden den 7. desember 2012.[3]